Triveleg at ein gjeng halvgamle karar som samlast ein gong i månaden til sosialt lag rundt interessa for musikk spela på vinyl, kan skape så mykje positive reaksjonar som vi har fått merke etter at innslaget om oss kom på Norge Rundt. Også triveleg å sjå at det også her på HiFiSentralen sitt forum har skapt interesse og reaksjonar (sjølv med avsporingar).
Så nokre forsøk på å klargjere. For det første er det interessa for musikk på vinyl som samlar oss. Når det gjeld forholdet til lyd og dyre anlegg er det klart varierande i gjengen. Eit par av oss var i gjengen som eigede og dreiv Sunnmøre HiFi Center frå slutten 1977 og i vel ti år. Vi har framleis interesse for god lyd. Rune S starta ein tråd her på forumet etter eit besøk hos underteikna i haust:
http://www.hifisentralen.no/forum/index.php/topic,15381.0.html. Den andre i Volda Vinyl frå Sunnmøre HiFi Center sit også med rørforsterkarar og Von Schweikert VR4 høgtalarar.
Den første platespelaren som blei vist er hos Ståle som førebudde seg til møtet. Han har ein Rega. Platespelarar hos Alf Roger som hadde møtet er ein Thorens. Og han har B&W høgtalarar.
I Volda Vinyl har vi dei fleste gongane ein invitert gjest under mottoet Vis oss vinylen din. Alle som har operativ platespelar og er aktiv brukar kan i prinisppet få kome som invitert gjest. Vi har ei lita venteliste, men ikkje lang. Er det nokre av dykk som har lyst til å besøke oss er det berre å melde seg til underteikna. Vi bit ikkje. Eg trur tvert imot vi er ein ganske triveleg gjeng å besøke. NB! Ein må kunne halde ut frå klokka 20 ein fredags kveld til vi bryt opp i 4-tida laurdag morgon.
Til det Arve vil eg seie ein takk for deltaking og innsats for Sunnmøre HiFi Center og for vidare utretteleg engasjement for god lyd i HiFi-samanheng. Sunnmøre Baarelag sin første singel med deg Arve på bass har eg sjølvsagt spelt i Volda Vinyl. Eg kan også fortelje at når Sunnmøre Baareleg sin LP Kjekke Kara (då hadde du slutta Arve) skulle digitaliserast for å gjevast ut på det vi i Volda Vinyl kallar det unemnelege medium, og mastertapen var borte, så stilte underteikna opp med platespelar og rør-riaa i platestudio, slik at plata kune spelast frå vinylen og inn i moderne utstyr i lydstudio. Eg brukte då min førre platespelar med Linn Sondek med Linn Itok arm og Accuphase AC-2 pickup.
På vegne av Volda Vinyl
Vidar Myklebust