Om Harman Kardon og «raving review» - Stig Arne si dagbok for mars 2021

SAD-0321FS.jpg


Medan me ventar på sumaren etter ein rekordkald april: Ein spanande forsterkar har overlevd fimbulvinteren i garasjen, og årets mote i sumarøl: Frukt-IPA.

Harman Kardon PM 640 Hi-Current Capability Integrated Amplifier

"The Vintage Knob” er ein artig internettstad for info om klassisk hifi av alle merke. Men det er ikkje alltid eg forstår kvifor dei har valt å omtala akkurat den og den modellen. Og ikkje alltid er det lyden som er det viktigaste, ser det ut til, men kollektibiliteten, kva no det er. Og det undra meg at under Harman Kardon, avdeling integrerte forsterkarar, har dei omtala (berre) to for meg relativt ukjende modellar, PM 640 og PM 660.

Forfattaren skriv at han ikkje hadde råd til 660 og kjøpte 640, og var lei seg for å måtte kvitta seg med han etter 15 år, sidan han spelte so høgt og so lenge på alle festane - med loudness trykt inn og diskanten på fullt. Uffameg. Men morosam lesnad.

Eg var nede i garasjen ein dag, i von om å koma i gang med rydding. Medan eg stor der og rista på hovudet over alt rot og skrot og lurte på kvar eg skulle byrja, skimta eg ein forsterkar som stakk halvveges opp av ein opna kartong, og lurte på kva dette var for noko. Eg gjekk nærare og myste: Harman Kardon PM 640. For eit samantreff! Den skal eg sannelig ta med inn og prøva. Eg skrudde av toppdekselet for ein sokalla “visuell inspeksjon”, berre for å sjekka at eg ikkje fann openlyse feil eller manglar, eller at han var full av støv eller korrosjon, dvs. eiring og rust. I mangel av Variac tende eg han opp via ei 60 Watts ljospæra, for å redusera spenningssjokket, sidan han ikkje har vore i bruk på mange år. Dette er eit knep eg lærde frå eit gamalt hifi-magasin, “Glass Audio” trur eg, eller “The Audio Amateur”.

Kva gjer du når ein forsterkar berre spelar på ein kanal? Jo, du roterer balansekontrollen. Etter å ha vridd denne fram og attende fleire gonger vart eg frykteleg glad då eg høyrde skraping i andre kanalen og, og skjønte at det berre var eit kontaktproblem. Frå innsida/baksida gav eg balansepotensiometeret ein god dusj med CRC 2-26 kontaktspray, som eg har fått anbefalt av reparatøren min, Svein Ones. Han har reparert hifi heile livet og veit kva han driv med. Etter ytterlegare mosjonering av balansekontrollen såg alt ut til å fungera. Utruleg. Ikkje ser han so verst ut heller. Etter dette var forsterkaren kopla til anlegget mitt i vekesvis for utprøving, kontinuerleg på, sidan ein slik “liten” forsterkar ikkje trekkjer veldig mykje straum, og heller ikkje vert veldig varm, men spelar betre og betre for kvar dag (inntil han har spelt seg inn og stabilisert seg). Dette kan ta 3-4 dagar....

Les heile dagboka hos Audiophile.no

SAD-0321-4.jpg
 

Kommentarer

Informasjon om bruker

Audiophile.no
Bransjemedlem
Medlem siden
Antall liker
981
Link til alle artikler
407
Audiophile.no sine annonser
Audiophile.no
Bowers & Wilkins løfter 700 S3 til Signaturehøyder

Bowers & Wilkins løfter 700 S3 til Signaturehøyder

  • 0
I dag har Bowers & Wilkins lansert 3 Signature-modeller i 700 S3-serien. Det dreier seg om de to toppmodellene i henholdsvis stativ og gulvstående utførelse. Og i tillegg har de for første gang i...
Fortsett
Audiophile.no
Vossajazz 2024 laurdag og sundag

Vossajazz 2024 laurdag og sundag

  • 0
Eg gjer Hanna Paulsberg sine ord etter Tingingsverket laurdag til mine: “Do you Want my job? Do you want the hassle? Nei, det vil du neppe, men no er jobben gjort: Resten av Vossajazz 2024...
Fortsett
Audiophile.no
TEST: B&W 606 S3 – et fyrtårn i krevende farvann

TEST: B&W 606 S3 – et fyrtårn i krevende farvann

  • 9
Bowers & Wilkins lanserte 600 S3 i fjor sommer, en serie som består av tre stereomodeller og en senterhøyttaler. Vi har hatt den største stativmodellen på en svært grundig test, og tar samtidig et...
Fortsett
Audiophile.no
Oslo HiFi Show 2024 - Messerapport

Oslo HiFi Show 2024 - Messerapport

  • 2
Forrige helg var det to interessante HiFi-arrangement i hovedstadsområdet. Vi snakker om Oslo HiFi Show 2024 i Asker, og VårPuls 2024 hos Oslo Hifi Center i Oslo sentrum. Audiophile.no avla Oslo...
Fortsett
Audiophile.no
Vossajazz - i lys loge!

Vossajazz - i lys loge!

  • 0
Ja folkens det er Vossajazz att, eg har alt skrive ei lita påminning i februar-dagboka. Opningskonserten er kl. 6 i Vossasalen på Park Hotel med Øyunn, dvs Siv Øyunn Kjenstad, om få timar når eg...
Fortsett
Audiophile.no
Problem og tonekontrollar – Stig Arne si dagbok for februar 2024

Problem og tonekontrollar – Stig Arne si dagbok for februar 2024

  • 2
Denne gongen om mekaniske svakheiter, oppklaring av mistydingar, og Vossajazz. Og 5 øl frå KINN. Audioquest Red og Cobalt DAC problem Eg har lodda Red ei gong, og no slutta han atter å fungera...
Fortsett
Topp Bunn