Sol, varme og hagelivet er vidunderleg, men det regnar heldigvis i blant, og då jobbar denne skrivaren med den månadlege Dagboka. Denne gongen med den vanskelege skildringa av lyd, ein dose NAD og ein skvett øl.
Lyd og fargar
Eg har snakka ein del om høgtalarplassering og (resulterande) perspektiv tidlegare. Denne gongen har eg lyst til å skriva litt om korleis me oppfattar lyd, og fargane i lyden. Har lyd dimensjonar, fargar og smak?
Den no avlidne Harry Pearson, redaktør i The Absolute Sound, var ein av dei beste skribentane nokon sinne. Han var ein fryd å lesa, uansett kva han omtalte, og anten han hadde rett eller ikkje. I ei utgåve snakka han om orda og omgrepa me nytta for å skildra lyd. Han meinte språket me hadde til rådvelde var mangelfullt, og måtte utviklast fortlaupande. Han hadde, m.a.o, opplevingar av lyd i hovudet som han ikkje hadde ord til å skildra. Det kan han sjølvsagt ha rett i. Eller han kan ha drukke for mykje raudvin den kvelden. Han likte raudvin. Dyr raudvin. Eg veit det, av di eg kjenner folk som kjende han.
Men eg er ikkje sikker på om eg er heilt samd. Språket me nyttar for å skildra lyd er svært ofte henta frå synssansane, mat og drykk. Og det er godt utvikla. Berre spør ein kokk, eller verre: ein vinkelnar. Nokre døme: Om lydbiletet er djupt eller grunt, breitt eller smalt, om lyden er myrk eller ljos, har me frå den verda me sansar med augene. Difor lyttar eg aldri med augene att når eg lyttar for å vurdera ein komponent. Om lyden har substans, om han er grov- eller finkorna, om han har kropp og fylde, eller er tynn (som ei spikarsuppe), eller turr, har me frå matverda. I tillegg nyttar me låneord frå engelsk og latin, som t.d. analytisk. Eg unngår helst slike ord. Er me i Noreg, nyttar me norsk. Det handlar det om kultur, tradisjon, moral og dei rette haldningane. Det hender eg nyttar omgrepet analytisk, me kan ikkje verta heilt fanatiske heller, men eigentleg er tydeleg eller detaljert betre ord. Og lettare å forstå. Eg avskyr språksnobbar. Me har, med andre ord, eit rikeleg ordtilfang. Det gjeld berre å nytta det. Men eg er fullstendig klar over at folk som ikkje deler interessa vår for stereo og lyd strever med å uttrykkja seg. Eg snakka ein gong med ein kamerat rett etter ein konsert, og la ut om aspekt ved lyden som eg ikkje var nøgd med. Han var delvis samd, men la til at han ikkje fann dei rette orda til å forklara seg....
Les heile aprildagboka til Stig Arne i Audiophile.no