Oppgradering av head-unit/stereo i Ford s-max

oystein

Medlem
Ble medlem
24.01.2006
Innlegg
17
Antall liker
0
Hei
Eg har eit prosjekt på gang i min ford s-max 2007 og treng ny headunit. Grunnen til at eg spør om råd her er at eg trur eg er ute etter litt andre ting enn folk med neonlys under bilen. Eg vil feks ikkje at folk skal sjå at eg har gjort noko. Så mest mulig orginalutsjånad er eit pluss. Eg er og av den oppfatning av at 50W antakelig kan gje meg nok SPL i ein bil på 3 kubikmeter, dersom det faktisk er 50W i ein ok headunit. Mulig dette er mål som er oppgitt med 10% thd og derfor ikkje brukbare watt?

Utgangspunktet er ein orginal dobbel din "Sony" 6CD mp3 spiller
I dørene var det ein litt rar 6.5" Ford OEM bass (med eit LP filter på baksida, ein induktans og ein elektrolytt) og diskantdomer på dashbord (dei hadde 6.8uF bipolar elektrolytt i serie bakpå huset).
Dette fungerte ganske dårleg. Fullstendig ukontrollert booming i bassen og elendig mellomtone/diskant. Mykje forverngning og utslokkingar i deleområdet som virka som det var alt for bredt. Etter ein måling av diskantelementet inne med holmimpulse fann eg ut at avrullinga starta ved 5khz :-/ og tok aldri slutt nedover.

Det eg har gjort så langt er å bytte frontsett til seas reference. Glømmer lyd bak inn til vidare. Måtte lage adapterring av 19mm MDF men det gjekk inn uten å få nokon kosmetiske endringar. Diskantdomane passa perfekt i orginalhull i dashbord.
Resultatet blei veeeldig mykje bedre topp og mellomtone, framleis litt booming i ca 150hz men mykje mindre enn før. Eg kjenner forresten godt resonansen i pyntepanelene på innsida av dørene. Mykje uønska sing-along der. Litt asfalt plater på baksida av pyntepanelet trur eg skal klare å trykke resonansfrekvensen i dørene lengre ned. Men om det framleis blir problem må eg vel dele vekk bassen og putte ein aktiv trykkkammer sub baki.

Men det som står for tur no er ny headunit. Men no blei det vanskeleg. Kva skal eg velge?
Eg MÅ ha:
-tidskorreksjon på alle kanalar
-EQ med 8 band eller meir
-bluetooth handsfree
-Dobbel din (dette er ikkje veldig viktig sidan adapter eksisterar)
-mulighet for rød knappebelysning/displayfarge. (blått er fullstendig uaktuelt)
-helst ikkje stor LCD skjerm sidan eg er skeptisk til lekkasjelyset på vinterkvelden. Blir plaga nok av ein vanleg garmin gps dimma til 10% baklys.
-Volum encoder, ikkje trykknapp

Trudde eg hadde lyst på alpine, men eg må vel då ha egen ekstern DSP og effektforsterker til frontsett for å få tidskorreksjon så alpine utgår nok.

Pioneer AVH-3200BThttp://www.pioneerelectronics.eu/eur/products/25/109/281/AVH-3200BT/index.html har nesten alt eg ønskar meg i ein boks, EQ tidskorreksjon og inngang for målemic med "automatisk" oppsett, men denne har i tilleg LCD touch skjerm som eg ikkje har veldig lyst på. Den manglar og encoder volum-ratt. Er dette kamelar det er verdt å svelge?

Pioneer MVH-8200BT http://www.pioneerelectronics.eu/eur/products/25/121/61/MVH-8200BT/index.html
Denne virkar jo som den har det som trengs. Volumratt og alt tingen. Samme DSP funksjonar som den over. Spiller musikk fra SD kort og usb. Det likar eg godt.

Kenwood KDC-BT60U http://www.kenwood.eu/products/car/receivers/cd/KDC-BT60U/details/ eller KDC-BT8044http://www.kenwood-electronics.co.uk/products/car/cd_receivers/KDC-BT8044U/details/ ser bra ut bortsett fra at dei kun har 5bånds eq. Er dette nok? Nokon som veit forskjellen på desse to spelarane?

Kva har du i bilen din, og høres det ok ut?
Øystein
 

Ole_Martin

Hi-Fi freak
Ble medlem
11.02.2002
Innlegg
2.196
Antall liker
821
Min lille erfaring med bilstereo tilsier at du bør kjøre separat forsterker på frontsettet, ikke bruk headunit'en. EQ har jeg til tider savnet, men klarte å få det relativt greit uten vha prøving rundt delefrekvens og nivå. Med tidsforsinkelse tror jeg man kan lage fort kan gjøre ting komplisert, men har ingen erfaring.. Spiller elementet i et støpt plastrom i døra?
 
Topp Bunn