Planar 2 døden nær?

Tweedjakke

Hi-Fi freak
Ble medlem
29.01.2008
Innlegg
4.895
Antall liker
5.057
Sted
Sunnmøre
Ja, eg har altså ein Rega Planar 2, ei pakkeløysing kjøpt på Hifiklubben for nesten akkurat ti år sidan.

Nett no står spelaren på ei fin, vatra vegghylle, men han har opplevd veldig mange skeive og ustabile underlag gjennom tidene. I tillegg til mange flyttingar utan å vera forskriftsmessig pakka ned. Under morgonkonserten i dag høyrde eg brått ein stygg gnisselyd frå spelaren.

Litt undersøkingar synte at hjulet frå motoren kom borti holet i plinthen. Faktisk såg det ut som om motoren slett ikkje stod vinkelrett på plinthen, men 5-10 grader skeivt. Etter å ha dytta litt på motoren (sic) forsvann ulyden, men motoren står like skeivt.

Spørsmål: Dette er vel ikkje bra?

Er Rega'en min døden nær? Eg veit det finst ei motoroppgradering som let meg byta til P2-motor, men eg har liksom tenkt at det var eit så billig drivverk at det ikkje var vits.

Synspunkt? Tips?
 

berxter

Hi-Fi freak
Ble medlem
17.01.2007
Innlegg
5.966
Antall liker
4.505
Sted
Trondheim
Torget vurderinger
1
Et kjapt søk viser at den nye motoruniten koster ca 165$ i US; vet ikke hva du kan få den for i 230V-verdenen, men ca en tusenlapp? Burde være verd det.

Bernt K
 

Valentino

J. Brünnhilde
Ble medlem
23.04.2008
Innlegg
30.896
Antall liker
26.235
Sted
Ottestad
Torget vurderinger
1
Huff, jeg synes det var mange penger for å få liv i en 10 år gammel P2, all den tid jeg fikk en hel SOTA Sapphire med Well Tempered Classic V arm for 8k for halvannet år siden.

Spare til noe nytt brukt, vagstol?
 

Vidar P

Æresmedlem
Ble medlem
25.12.2003
Innlegg
16.745
Antall liker
276
Sted
Kristiansund
Torget vurderinger
2
Enig med Valentino; å ta med seg RB250 over på et nytt drivverk er absolutt noe å vurdere.

Mvh Vidar P
 

Valentino

J. Brünnhilde
Ble medlem
23.04.2008
Innlegg
30.896
Antall liker
26.235
Sted
Ottestad
Torget vurderinger
1
Det er en god ide. Nesten en plan, om jeg kan være så freidig, vagstol.
 

trondkj

Overivrig entusiast
Ble medlem
20.12.2004
Innlegg
784
Antall liker
70
På den annen side er det vel neppe motoren som feiler, men gummiopphenget til motoren som er blitt slapt. Nå kjenner jeg ikke Rega-spillerne godt nok til å vite/huske om det kan byttes, men om det er tilfelle, bør det ikke koste mange kronene.
 

Valentino

J. Brünnhilde
Ble medlem
23.04.2008
Innlegg
30.896
Antall liker
26.235
Sted
Ottestad
Torget vurderinger
1
Hva med RB250 på klassisk Thorens?

(Beklager å skyte tråden ut av sin jordbane, jeg må bare lære av ekspertisen.)
 

rørlig

Overivrig entusiast
Ble medlem
15.05.2008
Innlegg
957
Antall liker
77
Torget vurderinger
1
har du sjekka om motoren har løsna? av med deksel på undersida.
 

trondkj

Overivrig entusiast
Ble medlem
20.12.2004
Innlegg
784
Antall liker
70
Valentino skrev:
Hva med RB250 på klassisk Thorens?

(Beklager å skyte tråden ut av sin jordbane, jeg må bare lære av ekspertisen.)
RB250 kan godt brukes på en klassisk Thorens ja, for eksempel en TD150 eller TD160 i en av sine mange varianter. Lettest er det nok å finne en TD160 MkII i god stand.

Kan bli temmelig bra, det ;)
 

Tweedjakke

Hi-Fi freak
Ble medlem
29.01.2008
Innlegg
4.895
Antall liker
5.057
Sted
Sunnmøre
OK, då er det vel de som har rett. Der er surt å oppgradera Planar 2, sidan det aldri vil verta ein veldig god spelar uansett. Dessutan kan det godt vera at det er meir som er skakt og skeivt på spelaren.

Då skal eg sjekka oppheng på motoren, og satsar på å få tak i eit nytt drivverk til RB250-armen heller enn å plukka på Planar 2-en. DAC står diverre høgare på innkjøpslista, men over nyttår burde det vera platespelaren sin tur. Eg ønskjer meg verkeleg ein "klassisk" grammofon med flytande oppheng (og er open for løysingar både frå Sveits, Storbritannia og USA).
 

Tweedjakke

Hi-Fi freak
Ble medlem
29.01.2008
Innlegg
4.895
Antall liker
5.057
Sted
Sunnmøre
Skrudde laus motoren, og kunne ikkje observera synlege feil. Opphenget såg heilt ålreit ut. Når eg skrudde saman igjen, ser det ut som om motoren står rett. Merkeleg. Men etter ti år er det vel ikkje rart om det er litt slark her og der.
 

mikefish

Hi-Fi freak
Ble medlem
02.01.2005
Innlegg
4.960
Antall liker
517
hei !

eg kjøpte min Planar 2 for 9 år sidan.gjekk frå Bias,via Elys og endte opp med ein Grado Blue p.u.min spelar har hatt ein del problem med at vokalen er litt meir framme i eine kanalen til tider.har hatt den på service utan at eg har funne problemet.for eit par år sidan fekk eg modda han med å løfte tonearma og påsatt eit spesial-lodd frå Clearaudoio.det er ein flott spelar å sjå til,men min Project Debut er meir påliteleg når eg ein sjeldan gong spelar Lp-plater.

håper eg ikkje avsporar debatten,men den bør ikkje havne på dynga.denne byrjar å få klassiker-status

mvh. s,
 

Tweedjakke

Hi-Fi freak
Ble medlem
29.01.2008
Innlegg
4.895
Antall liker
5.057
Sted
Sunnmøre
mikefish, berre for å understreka det: eg er veldig glad i platespelaren min. det står framleis ein bias i han (var ein del av pakka).

Spelaren kjem ikkje til å hamna på dynga med det fyrste, men eg vurderer det slik (etter innspel) at det truleg er meir fornuftig å byta drivverk (men ta vare på RB250) enn å flikka på Planar 2 motor/tallerken/undertallerken osb. PU og RIAA kan eg sjølvsagt byta litt uavhengig av denne vurderinga, men eg skulle tru det er meir å henta i eit anna drivverk.

Når det er sagt, er eg veldig glad for at motorproblemet ser ut til å ha løyst seg, for platespelaren stod eigentleg ikkje på budsjettet i år.
 

Tweedjakke

Hi-Fi freak
Ble medlem
29.01.2008
Innlegg
4.895
Antall liker
5.057
Sted
Sunnmøre
Thorens TD 147 og RB250

Valentino skrev:
Hva med RB250 på klassisk Thorens?
(Beklager å skyte tråden ut av sin jordbane, jeg må bare lære av ekspertisen.)
Her er guten sin som ikkje rir den dagen han salar. Planar 2-spelaren overlevde på eit vis i fjor. Men:

Eg har fått tak i eit Thorens TD 147-drivverk (utan arm) som skal vera på veg i posten. Planen er å setja RB250-armen på denne. Eg veit ikkje om TD147 er betre eller verre enn ein gamal Planar 2 (m. glasplate), men tenkjer at dette kan verta litt lærerikt.

Det ser (etter eit kjapt nettsøk) ikkje ut som om denne kombinasjonen er heilt uvanleg. Eg har alt bestilt ei monteringsplate (som løfter armen litt òg) og ny reim.

Så, nokre spørsmål:

1. Thorens-en er neppe "mint". Er det openberre ting eg bør gå over og sjekka/justera? Planar 2-spelaren har vore nær sagt plug-and-play, så dette er litt nytt territorium for meg.

(Etter det eg skjønar, ser TD147 ut til å vera nært i slekt med TD160?)

2. Pt. står det ein Rega Bias (1) i armen. Ca. 12 år gamal, og eg mistenkjer at det er å på tide å byta. Er det nokon som kan gje eit fornuftig anslag på kva PU eg bør sjå etter til ein slik kombinasjon?

På førehand, tusen takk for all hjelp!
 

Audiophile-Arve

Æresmedlem
Ble medlem
28.11.2002
Innlegg
20.990
Antall liker
8.408
Sted
Kysten, Nordvestlandet, argaste nynorskdistriktet
Torget vurderinger
0
RB 250/300 var i mange år "standardarm" i fleire samanhengar, så det er veldig mange pickupar som er utvikla med tanke på å fungere godt i slike mellomvektsarmar. Nokre vert feil, t.d. Denon DL 103, men "mange" pickupar har komplianse på rundt 10, og vil "ofte" gå ganske bra i Rega-armane.
Dei mest "fornuftige" pickupane i ein RB 250 eller 300, er etter mi meining Dynavector DV10x5 (eventuelt ein DV20, om du har kosta på deg ein veldig god riaa), eller AudioTechnica AT OC9 (då må du ha MC-inngang på riaaen, eller eit stepup). AT OC 9 er ikkje importert hit til landet så vidt eg veit, men Dynavector finn du testa på www.audiophile.no.
 

Tweedjakke

Hi-Fi freak
Ble medlem
29.01.2008
Innlegg
4.895
Antall liker
5.057
Sted
Sunnmøre
Takk for svar, Arve og Rune! Både DV10x5 og AT OC9 er PU-ar eg har registert at mange liker. Det eg fiska etter, var kanskje mest av alt svar på om det var verd å bruka 2.5-3.5k på PU til denne kombinasjonen.

Eg hadde ikkje eigentleg tenkt å byta RIAA òg, men det er sikkert grenser for kva signal det er verd å senda gjennom B-tech BT26 ... Det eine tek med seg det andre, tydelegvis. Huff og huff.

Dette må eg tenkja litt gjennom, føler eg.
 

Tweedjakke

Hi-Fi freak
Ble medlem
29.01.2008
Innlegg
4.895
Antall liker
5.057
Sted
Sunnmøre
Mykje rask på veg

Eg skal laga ein ny tråd når alt dette skal gjenoppstå.

PU er iallfall bestilt; Dynavector DV10x5. Eg har kjensla av at det kanskje er i meste laget for både resten av riggen og kjeden etterpå, men nokon stor skade kan det vel iallfall ikkje vera.
 
Topp Bunn