I motsetnad til mykje anna, er effekten av platematte ofte ganske tydeleg. Min spelar har ein tallerk som er designa til å legge plata direkte på utan matte. Likevel likar eg ei skinnmatte veldig godt, så denne har blitt standard no. Har også andre eg kan mikse med; Plattermatter (same som Oracle bruke tidlegare) fungerer veldig godt saman med direktedrivne verk, kork fungerer godt med det meste, filt finnest i mange kvalitetar (men eg har ikkje prøvd noko eg likar), akryl går veldig bra om du har platestrammar eller -krans.
Prøv deg fram, og finn ut kva du likar best.