Enig.The US government owns all those communications, all those facts of its own history. Using a Signal app like this is hiding what’s happening from the government itself.
Dette har vi jo hatt mange rundar på her i landet også, med avgjerder i departementa fundert i SMS-ar som berre kanskje (etter offentleg påtrykk) hamnar i relevante journalar (ev. gradert for ein periode). Ein viktig del av historikarjobben er jo akkurat å rekonstruera maktstrukturar ved å gjennomgå dokumentasjon. Takk vera The Atlantic veit vi no presist kva slags vurderingar som låg bak avgjerda om å senda rakettar mot houtiane.
Men, samtidig: Folk har alltid snakka saman. Dersom vi prøver å spora ei sak gjennom arkivdokument, endar vi fort opp med at det er openbert at det har vore uformelle samtalar som har endra saksgangen. «Noen har snakket sammen», som det heitte i Ap.
I dag bruker folk telefonar og chatgrupper til å snakka saman, også uformelt. Det er ikkje sikkert alt dette er meint for arkiva, eller treng vera det. Kva om Vance hadde lufta innvendingane sine med Waltz og Hegseth på ein spasertur i parken i staden? Effekten hadde vore den same.