Fimbulvinteren i Sør-Noreg ser ut til å vera over for denne gong, og ingen vassrøyr fraus og sprakk her i huset (men det var på hengande håret). Då kan me atter senka skuldrane og konsentrera oss om hifi og musikk.
I haust var eg på hugget og ajour, for å tala litt fransk. No er eg på etterskot att, som vanleg. Det er meir normalt. Men då er det på tide med ei oppdatering att, og denne gongen skal me informera om kva eg har funne ut om Electrocompaniet Objekt.
FLYGANDE OBJEKT
No er Objekta strengt teke ikkje flygande, trass i fasongen, som like mykje kunne minne om rakettar som høgtalarar. Eg berre fall for ei tabloid overskrift. Orsak. Men eg vert meir og meir inspirert av denne unike pyramideforma høgtaleren, som har nokre like unike eigenskapar. Meir om det om litt.
I desemberdagboka omtala eg Objekta for fyrste gong, og informerte om at eine basselementet måtte bytast, evt. begge, om eg ikkje får tak i eit “originalelement”, eller kva det no er som er sett inn. Eg var ikkje eingong trygg på om høgtalarane var 4- eller 8 Ohm, opphavleg, og alt dette gjorde det vanskeleg å bestemma seg for erstatningselement. Eg spurde difor lesarane om hjelp, og oppgav tlf-nummeret mitt. Det hjalp! Eg vart kontakta av ein eigar, og ivrig audiofil frå Tromsø, Arne Wilhelmsen, samt sentrale aktørar i samband med utviklinga av høgtalarane: Thomas Børja, son til Svein Erik Børja, sjølvaste konstruktøren; Morten Børja, ein (mykje) yngre bror av Svein Erik, og til slutt Bjørn Børja, bror til Svein Erik og tilsett ved Seas fabrikker i Moss (no pensjonert). Takka vera desse har eg no fått på plass mange fleire brikar i puslespelet om denne vidgjetne men sjeldne høgtaleren.
Arne har fleire gongar vore i kontakt både med Svein Erik og Bjørn på Seas, og hadde mykje kunnskapar om kva....
Les heile dagbokartikkelen i Audiophile.no