bjornendrestad skrev:
Hvor mye bedre blir spillern med en noe dyrere pickup, og hvor mye er det vitsi og legge før man like godt kan kjøpe en noe dyrere spiller,,
Eg hengjer meg på denne tråden, sidan eg endeleg har byrja å spela vinyl att. Spelaren min er ein Planar 2 med Bias PU frå ca. 1998. RIAA frå B-tech, som eg trur mange i si tid omtale som "overraskande bra" i prisklassen.
Etter det eg skjønar, er det hovudsakleg tre ting eg kan oppgradera på denne:
- Motor ("Planar 2/3 Upgrade Kit")
- PU
- RIAA
Etter det eg har lese meg til, er det mykje å henta i motoroppgraderinga, men bør eg òg sjå etter ein annan PU? Jau då, eg bruker mesteparten av pengane på plater (både sølv og svarte), men eg las noko ein stad (kan det ha vore Vidar P?) om at MM-PU'ane til Rega "er vortne mykje betre dei siste åra", men at det ikkje nett er vits å bruka pengar på noko meir enn Bias 2, heller, eller i verste fall Elys 2.
Altså, vil dette vera ei fornuftig, prioritert oppgraderingsliste?
1. Planar 2 Upgrade Kit [NOK 1'300]
2. Elys 2 [NOK 1'500]
3. Rega Fono MM [NOK 2'000]