Det kan jeg også snike meg til å kommentere på; på ALLE måter!
I likhet med de aller fleste pu'er på markedet, spør du meg. Dessuten; DL304 har det mange vil kalle en tendens til varme, 103 er bare overfeit men merkelig tynn her og der samtidig, mekanisk og treg. Oppskrytt til tusen. Imo.
RB300 konisk? Du trenger ikke skive under armbasen med en DL304 iallefall. Men du trenger stor forsiktighet; de er skjøre som f.... og trenger en god støysvak riaa.
Mvh Vidar P
Vidar likar ikkje 103, skjønar eg....
Mine erfaringar med Denon er at 103D (ein LYS GRÅ utgåve, ikkje svart eller koksfarga, kjøpt direkte frå Japan i 1977) har den mest nøytrale klangbalansen og den beste dynamikken av alle modellane. Det einaste han manglar er tredimensjonalitet, noko som ingen Denon greier skikkeleg.
DL304 er litt meir hi-tech-lyd, (er eg brutal vil eg kalle han meir analytisk og mindre musikalsk? Nice gear, but no boogie...), og i mine oppsett funka han relativt spakt med omsyn til dynamikken. Ein transistrorisert og støysvak riaa hadde nok hjulpe på dette, men eg fann aldri nokon som matcha skikkeleg (dette var då 304 var ny på marknaden, og lenge før t.d. ASR var i handelen).
Eg har vore forvirra av dette med DL103D Min gamle stemmer bra med det du finn i "the chartrigde database", men dei fleste andre foto av D-utgåva syner ein svart eller koksgrå pickup, og opplysningane seier at stiften er elliptisk. Min stift var med Shibata-nål, og hadde noko av den mest korrekte og luftige diskant nokon pickup har hatt.
Ein kjenning fekk sin gamle 103S utstyrt med VdH-nål, noko som visstnok (har ikkje høyrt sjølv, men han hadde høyrt min pickup ved fleire høve) gav same flotte klangbalanse og dynamikk som eg hadde.
Eg har ikkje høyrt R-utgåva sjølv. Men fleire seier at dette er det same som D. Eg skjønar at dette må prøvast..
Elles likar eg ganske godt både vanleg 103 (utan bokstav) og 103 S, men skal medgje at dei er litt feitare enn nøytrale. Eg vil likevel hevde at dei er svært musikalske, byr på detaljar du elles ikkje finn i prisklassen, og har alt i alt ein svært engasjerande spelestil.