Det er vel ingen tvil om at intensjonane er gode? Idealisme er bra, det. Men garantert ikkje nok til å stoppe klimagassar og anna miljøskadeleg framferd frå mi si side, og heller ikkje frå ministeren sjølv, ut frå kva de seier om bilvalet?
Eg har gått og tenkt på ny båt lenge, men etter nox-avgiftstrugsmålet, går desse planene på is. Likar det ikkje, men så kan kanskje det brukast litt meir kronasje på hifi?
Sjølv må eg likevel ta turen på hytta i Portugal neste sommar, der nede er det dessutan billeg å leve - og hytta er ei god investering. Det greier inga regjering å endre på, iallfall ikkje før vi er medlem av EU, noko som vanskeleg kan skje i den tida eg er i arbeid, tenkjer eg....
Det er ingen kollektive transportalternativ for kona mi, som må reise 17 km over eit fjell. Kompiskøyring vert ikkje aktuelt før arbeidsgjevar legg til rette for at arbeidstida let seg samordne. (eg syklar stort sett på jobb, og når snøen kjem, satsar eg på ski).
Eit alternativ er sjølvsagt å flytte til ein by, og dermed bidra til avfolking av distrikta, og auka press på dei urbane områda.
Oljefyr brukar vi også, på grunn av at eg ikkje har fått tak i ved i sommar, og fordi eg av spesielle grunnar har dette som det billegaste alternativet. Men har heldigvis høve til å fyre med ved. Ser på pelletsomnar som heilt uaktuelt, det er langt lurare å fyre med veden direkte, så slepp vi transportkostnadar og fordyrande produksjon - dette skal brennast uansett.
Eg støttar sjølvsagt lokal matproduksjon, men kan faktisk gå lei av fisk, geit og sau innimellom, skal eg basere meg på lokalprodusert ost, vert eg både blakk og bilkøyrande, og dessutan har vi ete opp det vesle av mat eg dyrka sjølv - det er for billeg med langtransportert mat samanlikna med lokal. Men med dei matprisane som det ligg an til no, trur eg at det kan bli meir hageaktivitet neste sesong.
SV gjer så godt dei kan innan det mulleges kunst, men det er sjølvsagt ikkje rare greiene. Politikk styrer i liten grad det som skjer. Schizofrene som vi alle burde vere innimellom, meiner eg det finnest noko bakom som styrer agenda i langt sterkare grad. Det er lenge sidan eg trudde at raske, langsiktige endringar i samfunnet kom ut frå kva politiske konstellasjonar vi hadde... men når FrP også har fått gjort unna si "fartstid" i regjering, reknar eg med at råtningsprosessen innan systemet vårt kjem til å slå inn for fullt.
Vi får berre håpe at det satsast maksimalt på å bygge opp varige infrastruktuar før dette skjer.
Neste valperiode: Eg trur FrP i konstellasjon med H kjem til å brenne av alt vi har på tullball, og at eit nytt paradigme dukkar opp så snart denne festen er over. Erstatninga av postmodernismen vil vel sannsynlegvis verte ein neo-religiøsitet med reduksjon av demokratisk handlingsrom for einskildmennesket, og stor framandfrykt/antipati for annleis tenkjande. Fotballpatriotisme kjem til å få ei oppblomstring, og hooliganisme kjem til å verte oppfatta som noko naturleg, og kanskje erstatte verneplikta?
Når dette paradigmet i si tid går under, ved at alle kyrkjer og moskear er detroniserte, går "romarriket" under. Eg er då sikkert for gammal til å bry meg om mykje anna enn å gå i fjellet, stelle i hagen, spele på stereoen og kanskje fiske litt. Så får vi spare pengane til å vandre på pilgrimsferd mellom Noreg og Portugal alt etter kor gunstig klimaet er dei ulike årstidene, og kor trygt det er å ferdast....
Lett fyllesjuk, ja!