Svart-kvit i fargar – Stig Arne si dagbok august 2020

SAD-0820.jpg


Ein Non Stop av fargar og smakar i dag: Ein blåfarge Cobalt frå Audioquest, ein svart kringkastar frå Google, flyttetransporten til Jonatan er vonaleg miljøvenleg grøn, blada kjem i alle glossy fargar og ølet kan vera alt frå gyllen gul til Guinnes svart.

Audioquest Dragonfly Cobalt


Eg har fått meg eit nytt leikety: Ein liten og søt dings i form av Audioquest sin nyaste DAC: Ein pitte liten dings, på storleik med ein minnepinne, som går rett inn i USB-utgangen på Mac-en. Frå denne fører du signalet, som no er omvandla til analog, til stereoanlegget, med ein leidning som har mini-jack i eine enden og phono-pluggar i andre. Leikety og leikety fru Blom: Når du nyttar datamaskina som signalkjelde, er ein god DAC brått ein viktig del av stereoanlegget, og det kan løna seg å samanlikna mange. Med ein middelmådig DAC får du ikkje ut god lyd uansett resten av anlegget.

Eg har i lang tid nytta DAC-ar frå HRT i California, men har i den seinare tid vore plaga med ein tendens til hard lyd, og eg veit av erfaring at det ikkje skuldast Nad-forsterkarane. Desse skil seg ut ved nettopp å ikkje ha hard lyd, slik som mange andre. Eg likte umiddelbart lyden frå Cobalten, som er den dyraste i serien, men likevel rimeleg samanlikna med “high-end” variantane av slagsen. Konstruktøren er ingen kven som helst: Gordon Rankin, kjend frå fleire andre verksemder og konstruksjonar. Eg har framleis ikkje høyrt eller testa så frykteleg mange DACar, men denne er eg glad for, og han vert ikkje kopla vekk med det fyrste. Eg har vidare høyrt at grunnleggjaren av HRT skada seg stygt i ei sykkel-ulukke, og har mysst interessa for å føra HRT vidare, men kan ikkje stadfesta dette, sidan heimesida deira er oppe og står, sist oppdatert i år....

Les heile dagbokartikkelen til Stig Arne i Audiophile.no

SD-0820-2.jpg
 

Kommentarer

Informasjon om bruker

Audiophile.no
Bransjemedlem
Medlem siden
Antall liker
980
Link til alle artikler
407
Audiophile.no sine annonser
Audiophile.no
Bowers & Wilkins løfter 700 S3 til Signaturehøyder

Bowers & Wilkins løfter 700 S3 til Signaturehøyder

  • 1
I dag har Bowers & Wilkins lansert 3 Signature-modeller i 700 S3-serien. Det dreier seg om de to toppmodellene i henholdsvis stativ og gulvstående utførelse. Og i tillegg har de for første gang i...
Fortsett
Audiophile.no
Vossajazz 2024 laurdag og sundag

Vossajazz 2024 laurdag og sundag

  • 0
Eg gjer Hanna Paulsberg sine ord etter Tingingsverket laurdag til mine: “Do you Want my job? Do you want the hassle? Nei, det vil du neppe, men no er jobben gjort: Resten av Vossajazz 2024...
Fortsett
Audiophile.no
TEST: B&W 606 S3 – et fyrtårn i krevende farvann

TEST: B&W 606 S3 – et fyrtårn i krevende farvann

  • 9
Bowers & Wilkins lanserte 600 S3 i fjor sommer, en serie som består av tre stereomodeller og en senterhøyttaler. Vi har hatt den største stativmodellen på en svært grundig test, og tar samtidig et...
Fortsett
Audiophile.no
Oslo HiFi Show 2024 - Messerapport

Oslo HiFi Show 2024 - Messerapport

  • 2
Forrige helg var det to interessante HiFi-arrangement i hovedstadsområdet. Vi snakker om Oslo HiFi Show 2024 i Asker, og VårPuls 2024 hos Oslo Hifi Center i Oslo sentrum. Audiophile.no avla Oslo...
Fortsett
Audiophile.no
Vossajazz - i lys loge!

Vossajazz - i lys loge!

  • 0
Ja folkens det er Vossajazz att, eg har alt skrive ei lita påminning i februar-dagboka. Opningskonserten er kl. 6 i Vossasalen på Park Hotel med Øyunn, dvs Siv Øyunn Kjenstad, om få timar når eg...
Fortsett
Audiophile.no
Problem og tonekontrollar – Stig Arne si dagbok for februar 2024

Problem og tonekontrollar – Stig Arne si dagbok for februar 2024

  • 2
Denne gongen om mekaniske svakheiter, oppklaring av mistydingar, og Vossajazz. Og 5 øl frå KINN. Audioquest Red og Cobalt DAC problem Eg har lodda Red ei gong, og no slutta han atter å fungera...
Fortsett
Topp Bunn