Førre månad, og fleire før der att, lova eg å koma attende til desse uhyre interessante Tandbergane, i dei dagar då dei var på høgda av god lyd ... truleg. Me jobbar vidare med saka! Fleire modellar står klar, og dopingkontrollørane parat. Og i ølspalta er det sol og sumar. Det er vel eg som vert teken for doping, tenkjer eg.
Me har fortalt at utprøvinga av 9 og 10 måtte gjerast om att, av di eg var dum nok til å setja Mac-en direkte oppå radioane, slik at han strålte høgfrekvent smitte ned og påverka lyden til dels kraftig. Toppdekselet til desse radioane er jo berre ei treplate utan skjermande effekt. Eg oppdaga dette tilfeldig ved at ei kjend plate ikkje let som ho skulle. Eg visste jo at slikt gjer ein ikkje, eg berre gløymde meg vekk. No står Mac-en, som strøymer tapsfri (lossless) musikk frå Apple Music, ute på venstre sida.
Huldra 9 Mk 1
Eg har og fortalt at reparatøren vår informerte meg og Stig Inge om at H 9 fanst i to utgåver, den fyrste (15 W) med dei tidlege germaniumtransistorane, og Mk 2 (25 W) med dagens silisiumstransistorar. Me kunne ikkje lata vera å samanlikne dei to, sidan dei elles var identiske, so langt me veit.
Mk 1-modellen spelte veldig pent, men var ein tanke myrk og udefinert, og dette inntrykket heldt seg også i runde 2. Det kviler noko myrkt og innelukka over lyden, og dette let seg ikkje kompensera med å skru opp diskanten.
Les hele Maidagboka i Audiophile.no