1210 (og slektningane 1310 -1900 som har ulik grad av automatisk arm, kvartsdrift m.m.) har om lag identiske lydlege eigenskapar. Normalt er dei ikkje spesielt slitne om du finn dei på bruktmarknaden. Dei har også svært mykje for pengane-lyd, og 1200 som framleis kan kjøpast som ny, er i lydleg klasse med ein Rega, du må iallfall opp på ein P5 for å ha eit klart betre potensiale (i kraft av ein arm som kan yte rettferd til kostbare pickupar).
Men Rega og Technics har svært ulik signatur, sjølv om kvalitetsnivået kan vere likt. Sannsynlegvis likar du betre den eine enn den andre. Ein Rega klarar å hanskast svært godt med picukpar som t.d. Dynavector sine to rimelegaste og Audio Technica OC 9, samt ei rekkje andre relativt moderne konstruksjonar. Technics funkar veldig godt med gammaldagse MC-pickupar. Eg vil personleg tilrå Denon 103 som det mest "fornuftige" innan min musikalske smak til denne, og heller 110 framfor 160 (som for sin del er den einaste Denon som passar godt i ein Rega-arm).
Opp gjennom åra har eg fått ei aning av at pickuputvalet til desse to ulike drivverka (kanskje tilfeldigvis, kanskje ut frå mine langtidssubjektive erfaringar) har delt seg i to preferanseområde. Pickupane som passar til Rega har ofte vore betre i stand til å takle audiofile dyder som perspektiv, objektivitet og detaljar, medan Technics gjerne passar med pickupar som har sine sterke sider når det gjeld klang og dynamikk - ikkje så objektiv, men absolutt sjarmerande.
Så er det pickupar som fungerer heilt greitt på begge drivverk. Dessutan har dei eigensignatur. Begge har ein slags "metallisk" aura over lydattgjevinga som du slepp på dyrare drivverk, men denne er mest uttalt på Technics. Denne kan du til gjengjeld fjerne ved å bruke PlatterMatter tallerkenmatte, ei tjukk, brun matte av seig gummi som klebar seg til plata. På Regaen kunne du skifte til akryltallerken (ikkje tilrådd frå produsenten), og få ein ganske annleis klangkarakter. Arm-repertoaret til Technics sin tunge arm kan utvidast ved å bruke ei dempemekanisme (passar ikkje til alle Technicsarmar).
Eg likar begge svært godt, dei har absolutt sjarm og kan by på enorm speleglede. Dei kan også begge demonstrere at analogmediet klarer seg godt også i dag.
Skal du ha betre spelarar enn desse to, må du nok opp i rundt 10 kkr.