Lenge sidan eg har hatt effektforsterkarar med røyr i anlegget. Med tungdrivne høgtalarar er det eit avgrensa utval som er kraftige nok, og som også er til å betale. Så kom Radomir Gambiroza frå Sound Ground i Bergen på besøk med Tsakidiriks Apollon, eit sett rør monoblokker på 150 Watt, og det til ein pris som må seiast å vere fornuftig.
Oppsettet – og tidlegare erfaringar
Eg har ordna meg eit ganske atypisk stereoanlegg, og innrømmer at eg har mala meg inn i eit hjørne – men for eit godt hjørne å vere i! Eg har frykteleg tungdrivne høgtalarar, med ekstreme behov. Effektbehova stettast ved ein Vera Audio klasse D-forsterkar, som styrast av ein 35 år gammal Audio Research SP 10 forforsterkar. Eg har ein brukbar pickupstall med eit godt dusin ulike pickupar, der mine referansar er Audio Technica AT33SA og Denon DL 103. Eg har ein tolvtoms pickuparm, rigga på ein Super ScoutMaster med Rimdrive og tung tallerken frå VPI. Sist eg prøvde rørforsterkarar til dei ekstremt tungdrivne MBL 101E mk 2, måtte eg til med 500 watts Manley Neoclassic. Desse vart ikkje verande i anlegget på permanent basis, mest av alt fordi 20 stk KT 90-rør medfører vesentleg varme og kostnadar til rørskift. Då er Tsadirikis Apollon lettare å tilfredsstille, med 8 KT 120-rør til utgangen. Det vert også varmt – så varmt at desse monotrinna bør plasserast ganske frittståande, med god avstand til kvarande og alt anna, men trass alt ikkje så valdsamt som dei veldige Manley-forsterkarane, som eliminerte fullstendig behovet for oppvarming i stova.
Den andre røyrforsterkaren eg har fått til å fungere, er Rogue M180. Denne hentar ut litt meir effekt – 180 kontra 150, og brukar akkurat dei same utgangsrøyra. Ein svært interessant konkurrent, heilt til du finn ut at Rogue kostar rundt det dobbelte av grekarane.
Tsakiridis
Dette er for oss eit heilt ukjent merke. Dei handlagar fleire rørprodukt, og handverksmåten gjer at du kan velje mellom fleire variantar. Eg har gått for dei kraftigaste effektforsterkarane, monotrinna med namnet «Apollon». Her kan du velje mellom fire ulike variantar: «standard» Apollon med 70 Watt basert på EL34-rør, det billegaste alternativet til 27 500 kr, Apollon Pluss, som leverer 90 watt med 6550-rør, pris 34 000. Den versjonen eg har fått prøve ut, Apollon Ultra, har KT 120 og leverer 150 watt, medan toppmodellen Ultima er identisk, bortsett frå at loddingar og signalveg er gjort med sølv, og elles har ekstra flotte komponentar. Dette hevar prisen til 71 000 kr, utan å endre spesifikasjonar på nokon måte....
Les heile testen av Apollo i Audiophile.no