TEST: Sigberg Audio – nytt norsk design av gammalt konsept

Sigberg_Audio_1_of_8.jpg


Vi prøvar SBS.1 aktive høgtalarar og ein stk Inkognito 10 subwoofer

For ganske lenge sidan, den gongen då få av dei som les dette hadde råd til hifi, var det alltid snakk om meir eller mindre imponerande bass. Dei små Tandberg HIFI12 i konfirmasjonsanlegget mitt var greie, dei. Men bass? Så fekk eg høyre om subwooferar......
Det var fleire som var opptekne med utfordringane rundt bassattgjevinga i stereoanlegget. Dei er det mange av. All bass krev eit visst volum, elles hadde det vore unødvendig med store kontrabassar og langstrakte tubarør. Løysinga er sjølvsagt å bygge store høgtalarar med store basselement, men det kan skape ufred i heimen. Og sjølv om ein får lov til å boltre seg med slikt, er ting ikkje heilt enkle likevel. Bassattgjeving heng nemleg alltid saman med rommet, og den same basshøgtalaren kan låte ganske ulikt når han spelar i ulike rom. Dessutan er plassering av basshøgtalar svært viktig for sluttresultatet. Og plassering av lyttaren....

Sub?
Vi er visstnok i stand til å registrere basstonar heilt ned til under 20 Hz, og då vil vi naturlegvis at stereoanlegget skal kunne formidle dette til oss, sjølv om den fornuftige musikkelskar ikkje er så ambisøs. For å få så djupe tonar til å klinge ut skikkeleg, trengs helst eit rom på storleik med ei kyrkje, og dei færraste moderne daglegstover er i nærleiken av dette. Og det er ikkje berre snakk om «lange frekvensar», det skal også flyttast mykje luft. Då trengs det ganske mykje energi, og anten store eller fleire små element. Skal ting gjerast heilt optimalt, trengs også ein hektoliter eller tre med høgtalarkasse,

Så det var berre ressurssterke entusiastar som tok utfordringa med å skape «realistisk» bass i heimen. Men så vart det kommersielt tilgjengeleg såkalla subwooferar. Dette var i utgangspunktet basshøgtalarar som skulle vere i stand til å spele djupare enn dei oktavane som normalt var i musikken. Den fyrste eg fekk lytte skikkeleg på var svenske Audio Pro sin aller fyrste. Imponerande på mange måtar, men samanlikna med resten av frekvensområdet var bassen ikkje så artikuert eller «rask» som ein skulle ynskje. Men djupt i frekvens gjekk han....

Les heile testen av Sigberg Audio SBS.1 og Inkognito 10 i Audiophile.no

Sigberg_Audio_2_of_15.jpg
 

Kommentarer

SigbergAudio

Bransjeaktør
Ble medlem
03.08.2005
Innlegg
3.434
Antall liker
7.590
Sted
Østlandet
Torget vurderinger
1
Takk for en fin test! :love:

Tenkte jeg skulle nevne at DSPen som nevnes i testen og som Arve endte med å foretrekke å kjøre uten, henviser til en Antimode 8033 som vi sendte med for autokalibrering av sub ved behov for det, ikke den innebyggede DSPen. :)

Mvh,
Thorbjørn
 

Informasjon om bruker

Audiophile.no
Bransjemedlem
Medlem siden
Antall liker
1.080
Link til alle artikler
435
Audiophile.no sine annonser
Audiophile.no
Linn 119 og 150, supplert med oppgradert Linn Selekt DSM Classic Hub

Linn 119 og 150, supplert med oppgradert Linn Selekt DSM Classic Hub

  • 0
Torsdag 26. september lansert Linn tre nye produkter. To av dem erstatter høyttalermodeller som kom for 17 år siden, mens Linn Selekt DSM Classic Hub 2024 er en litt mer evolusjon av et allerede...
Fortsett
Audiophile.no
Karakterfulle høgtalarar del 3 – Stig Arne si dagbok august 2024

Karakterfulle høgtalarar del 3 – Stig Arne si dagbok august 2024

  • 1
Gamalt men godt! Dagboka tek denne venda føre seg ein gamal høgtalar som etter eit par enkle modifikasjonar spelar glimrande. Og i Ølspalta har me smatta oss gjennom septembersleppet til...
Fortsett
Audiophile.no
TEST: Icon Audio STEREO 30 SE og Icon Audio PS 3 MkII RIAA - “Meaty, beaty, big & bouncy”

TEST: Icon Audio STEREO 30 SE og Icon Audio PS 3 MkII RIAA - “Meaty, beaty, big & bouncy”

  • 2
Etter et par demoer av Icon Audio, hos Audioaktøren, uttrykte jeg interesse for å høre en forsterker i mer hjemlige omgivelser. Icon Audio STEREO 30 SE forsterker Det var muligheter, så jeg...
Fortsett
Audiophile.no
PLATESMAKING: Adrian Myhr Trio – Kokong

PLATESMAKING: Adrian Myhr Trio – Kokong

  • 0
Adrian Myhr Trio har gitt ut albumet Kokong, og jeg har prøvesmakt på denne spennende utgivelsen i grenselandet mellom mange sjangre. Til tross for at Adrian Myhr har et etternavn som er sterkt...
Fortsett
Audiophile.no
Gilad Tiefenbrun i Oslo - Kundekveld hos Eksakt HiFi

Gilad Tiefenbrun i Oslo - Kundekveld hos Eksakt HiFi

  • 0
Odd Rune har tradisjon for å invitere interessante gjester til sine kundekvelder i Vibes Gate 13. Denne torsdagen var det ingen ringere enn GIlad Tiefenbrun - CEO i Linn etter at han overtok for...
Fortsett
Audiophile.no
AVC-A10H – ny nestkommanderende AV-forsterker fra Denon

AVC-A10H – ny nestkommanderende AV-forsterker fra Denon

  • 13
Denon introduserer AVC-A10H. Dette er Denon sin nyeste AV-forsterker i A-serien, og produsenten sier at de henter inspirasjon fra flaggskipet A1H-modellen for å levere uovertruffen lydytelse og...
Fortsett
Topp Bunn