Etter at CD-profetane spådde vinylspelarane sin død, har det jamnt dukka opp fleire superplatespelarar, og nye merke har kome til. Audiophile har fått låne flaggskipet til Soulines.
Etter at dei japanske direktedrivne platespelarane og produksjonsmaskinene deira forsvann sakte, men sikkert, har vinylfanatikarar med behov for referanselyd vorte nøydde til å basere seg på andre drivverk. Då snakkar vil for det meste om beltedrift. Nokre av desse spelarane har flytande oppheng, og kan ha sine spesielle utfordringar (desse kjem vi attende til når det er aktuelt å prøve ut slike), medan dei som ikkje er opphengde, men som står fast mot underlaget, er stort sett svært enkle dyr å arbeide med. Likevel er det ulike kvalitetar å finne.
Det er mange ulike behov når det gjeld vinylriggar, og måtar å stette dette på. Dei mest legendariske spelarane i dag har om lag ingen høyrt, og rykte, fotografi og forteljingar flyt rundt på Internett. Det er spennande og interessant å pusse opp mellomhjuls- og beltedrivne spelarar frå tidleg 60-tal og deromkring, og mange direktedrivne japanarar i førtiårsalderen fungerer framleis utmerka. Nokre tenkjer nostaligi og plateknitring, medan andre er overtydde om at det ikkje finnest nokon betre måte å lytte til musikk på enn via vinyl. Eg må innrømme at eg høyrer til sistnemnde kategori, og har vore villeg til å investere betydeleg tid, og over 6 gonger så mykje kronasje i vinylriggen som det mine digitale kjelder gjer. Så det er midt i blinken når eg no får prøve ut eit drivverk som ligg midt i mitt aspirasjonsnvå.
Dei tre «retningane»
Det var lenge tre produsentar eg hadde relativt god kjennskap til, og som eg hadde problem med å velje mellom då eg sist kjøpte platespelar for tolv år sidan. Produsentane Nottingham, Clearaudio og VPI eksisterer endå, men er mindre synlege i marknaden enn den gongen. Desse tre produsentane hadde ulik fokus på korleis platespelaren burde konstruerast. Min VPI er utstyrt med eit «kantdrev», eit valdsamt svinghjul som ligg an mot ein svinetung platetallerken av mystisk materiale, og baserer seg på to av dei kraftigaste motorane på marknaden, styrt av eit SDS straumforsyning som sikrar 100% rett straum uansett, Clearaudio satsar på akryl i både kabinett og tallerken, og støysvak motor, med så lite platespelarkabinett («plinth») som råd, for å hindre vibrasjonar, medan Nottingham arbeider med svært tunge kabinett og tallerkar, medan motoren er så liten som råd, ut frå tanken om at ein liten motor og ei lita straumforsyning skapar mindre interferens og trøbbel enn dei tyngre alternativa – noko som gjer at tallerkenen gjerne skubbast i gong med handemakt.
Vi ser at Soulinas satsar på ein relativt gedigen akryltallerken, og ei minmal straumforsyning, altså ein kombinasjon av desse retningane, noko som ser ut til å fungere svært godt.....
Les heile testen av SOULINES Kubrick DCX hos Audiophile.no