TEST: The LOOP frå Soulines

Soulines_TheLoop-16.jpg


Vinyl er eit spennande medium som mange er nyfikne på. Det er stor fokus på platespelarar og pickupar, men du treng også ein riaa-forsterkar av god kvalitet. Her er ein interessant nykommar...

The Loop design og fasilitetar

Loop framtonar seg som ein alminumsgrå, enkel boks med dempebein og ei raud, skinande diode på fronten som einaste pynt. Ikkje eingong straumbrytar finn du, den er på undersida, i fronten av forsterkaren. Han står på tre dempebein av god kvalitet, noko som normalt ikkje er nødvendig på elektronikk, men her snakkar vi om ein rørkonstruksjon, iallfall for MM-delen. Og då er det eit poeng å isolere røra frå mikrofoni og vibrasjonar frå underlaget. Her står to rør, ECF80 i NOS-kvalitet. Desse er eg ikkje kjend med, men dei skal ha ei levetid på over 5000 timar etter det produsenten skriv. Eg veit ikkje om ekvivalentar, og konstruktøren seier at dette er dei einaste som fungerer i The Loop.

Forsterkaren har eit design som minimerer sjansen for feedback og mikrofoni, eit svært tungt og massivt kabinett og tre spesielle dempebein. Eg merka såleis ikkje feedback, og må seie at eg ikkje kunne registrere den aller minste tendens til brum eller susing.

Elles er The Loop konstruert slik at røra berre er inne i signalvegen for MM-pickupar. Moving Coil-delen er bygd opp av J-fet transistorar, og det er brukt moderne loddeteknikk (SMD), som har mindre plassbehov. Dette er neppe for å spare plass, for kabinettet er ikkje særleg fylt opp. Men det er ein god ide for å gjere ting små for å ha god, støyfri avstand mellom komponentane. Såleis er straumforsyinga innebygd, utan at The Loop har problem med nettstøy.

Les heile testen av The Loop hos Audiophile.no


Soulines_TheLoop-17.jpg
 

Kommentarer

Informasjon om bruker

Audiophile.no
Bransjemedlem
Medlem siden
Antall liker
981
Link til alle artikler
407
Audiophile.no sine annonser
Audiophile.no
Bowers & Wilkins løfter 700 S3 til Signaturehøyder

Bowers & Wilkins løfter 700 S3 til Signaturehøyder

  • 0
I dag har Bowers & Wilkins lansert 3 Signature-modeller i 700 S3-serien. Det dreier seg om de to toppmodellene i henholdsvis stativ og gulvstående utførelse. Og i tillegg har de for første gang i...
Fortsett
Audiophile.no
Vossajazz 2024 laurdag og sundag

Vossajazz 2024 laurdag og sundag

  • 0
Eg gjer Hanna Paulsberg sine ord etter Tingingsverket laurdag til mine: “Do you Want my job? Do you want the hassle? Nei, det vil du neppe, men no er jobben gjort: Resten av Vossajazz 2024...
Fortsett
Audiophile.no
TEST: B&W 606 S3 – et fyrtårn i krevende farvann

TEST: B&W 606 S3 – et fyrtårn i krevende farvann

  • 9
Bowers & Wilkins lanserte 600 S3 i fjor sommer, en serie som består av tre stereomodeller og en senterhøyttaler. Vi har hatt den største stativmodellen på en svært grundig test, og tar samtidig et...
Fortsett
Audiophile.no
Oslo HiFi Show 2024 - Messerapport

Oslo HiFi Show 2024 - Messerapport

  • 2
Forrige helg var det to interessante HiFi-arrangement i hovedstadsområdet. Vi snakker om Oslo HiFi Show 2024 i Asker, og VårPuls 2024 hos Oslo Hifi Center i Oslo sentrum. Audiophile.no avla Oslo...
Fortsett
Audiophile.no
Vossajazz - i lys loge!

Vossajazz - i lys loge!

  • 0
Ja folkens det er Vossajazz att, eg har alt skrive ei lita påminning i februar-dagboka. Opningskonserten er kl. 6 i Vossasalen på Park Hotel med Øyunn, dvs Siv Øyunn Kjenstad, om få timar når eg...
Fortsett
Audiophile.no
Problem og tonekontrollar – Stig Arne si dagbok for februar 2024

Problem og tonekontrollar – Stig Arne si dagbok for februar 2024

  • 2
Denne gongen om mekaniske svakheiter, oppklaring av mistydingar, og Vossajazz. Og 5 øl frå KINN. Audioquest Red og Cobalt DAC problem Eg har lodda Red ei gong, og no slutta han atter å fungera...
Fortsett
Topp Bunn