Thorens TD147. Tips og råd?
OK, då er det på tide å starta ein ny tråd. Om Planar 2 ikkje døydde, så er det iallfall på tide å gå vidare og ta med seg det beste (RB250).
Dynavector DV10x5 pick-up er handla inn. Ligg jomfrueleg i boksen sin.
Rega RB250-armen frå Planar 2-spelaren skal med. Eg har bestilt ei plate/armbord frå soundsupports i UK for å få montert armen skikkeleg. Det kan jo ta vinter og vår før den kjem, sidan CWU og Royal Mail ser ut til å vera i hard konflikt.
(Illustrasjonsfoto) Drivverket vert ein Thorens TD-147. Utan arm. Dette ligg på postkontoret og ventar. Produsert 1982-1985, etter det eg skjønar i slekt med TD160. Tilstanden på denne er noko usikker, anna enn at "han verkar" (eg kunne ikkje krevja meir for prisen).
Her fann eg litt subjektiv reklame
Til dømes: Eg har sett at LP12-eigarar er opptekne av å justera spelaren sin (opp og ned og fram og tilbake) for å få rett "bounce". Dette er jo (diverre) ingen LP12, men har trass alt flytande oppheng. Skal ein justera slikt på ein Thorens, eller?

Eg har bestilt ny reim (kjem når RM og CWU vil), men eg er litt usikker på kva eg skal gjera med drivverket før eg byrjar monteringa. Kva bør eg sjekka/fiksa?The Thorens TD-147 is the auto-shut-off version of the revered TD-160 Super. Some call it the "souped up" version of the TD-145. It features an improved platter bearing, a heavier base with factory-added damping, and an improved motor. It also features a dustcover with metal hinges that allow the cover to be left open at many different angles. When I heard my first TD-147 I was literally stunned by the performance upgrade over the typical TD145. Better pacing and stability, with a significant reduction in rumble.