Ah, er det min gode, gamle venn planlegginsdagen som er på besøk på skolen din Arve?
Mvh
Ånei, det er praktiske konsekvensar av politikk:
Ei omfattande, statleg subsidert sentralisering (faktisk er 800 norske skular nedlagde dei 20 åra som har gått sidan det kommunale inntektssystemet vart endra) har ført til at kommunane sparar pengar til skuledrift.
Samfunnet har likevel slett ikkje spart noko totalt, for fylkeskommunane har fått reiserekninga. Desse elevane som tidlegare hadde skule i nærmiljøet, har ikkje flytta. Dei har difor fått ekstrafaget BUSSITTING i inntil 7 undervisningstimar i veka.
I det grisgrendte Sogn og Fjordane har busselskapa ikkje råd til dette. Difor er kommunane pålagde å syte for at mellomsteget ikkje kan ha sine 27 pålagde undervisningstimar i veka. 27 timar for 5-7.klasse fører til at skulebussen må gå ei ekstra rute midtskyss ein dag i veka, då 27:5 ikkje vert 6 timar pr dag. I staden slår ein to veker saman, slik at talet pålagde timar vert 27*2=54. Så deler ein dette på 6 timarsdag, og vi får 9 skuledagar i veka.
I mi (og fleire andre) kommunar fører dette til elevfri annankvar fredag.
Og så klagar folk over at nivået i skulen fell.....