Tre historiske kassettspelarar – Stig Arne si dagbok Mars 2024

SAD-+324 (1 of 1).jpg


Eg har prøvd ut tre gamle kassettspelarar. Har da rabla, eller er dette heilt i tråd med tidsanden? Om ikkje anna kan du sjekka ølspalten.

KASETTMEDIET

Eg må nesten be om orsaking på førehand. Det er slett ikkje vanleg å skriva om gamle kassettspelarar, so dette er sikkert ikkje like interessant for alle. Men sidan både platespelarar og kassettspelarar opplever ein viss renessanse, er det kan hende stovereint likevel?

For eg har huset fullt med kassettspelarar. Det byrja med ein, no nærmar det seg 10. Eg må nesten sitera Bjørn Eidsvåg frå ein av dei beste platene hans: "Det vakje sånn det sko verr, det vakje sånn det sko bli”. Med slik er det med tilfeldigheitene. Eg har hatt eit par liggjande i påvente av reparasjon, og so har eg fått ein del i tillegg frå vener og lesarar av dagboka, ofte gratis, og når eg no har fått meg ein ny lokal reparatør, har eg brått ein heil stabel med fullt fungerande spelarar.

Kva er “normalt”?
Dette er ikkje noko som audiofile normalt driv på med. Ja, eg må nesten få lov til å kalla meg audiofil, sjølv om det høyrest jålete ut. Eg har berre gamal og velprøvd hi-fi, men freistar i alle fall å få mest mogeleg ut av han. Som dei seier: Djevelen ligg i detaljane. Er anlegget fornuftig satt opp, rett kopla saman og godt plassert, kan det gje mykje god lyd.

Men kassettspelaren er eit “low-fi” medium. So kva skal eg med det? Eg måtte spørja meg sjølv: Kva skal du med det? Eg strever med svaret. Eg hadde kassettspelar i mine unge dagar. Det hadde jo “alle". So det er mykje nostalgi inne i biletet. Eg tykkjer det er fornøyeleg å sitje å sjå spolane gå rundt. Eit lite mekanisk underverk, som ei klokke. Er du klar over kva summar entusiastar brukar på klokker? Er det noko betre å sitja å stira på ei klokke? Sjå visarane gå rundt? Gje meg heller ein kassettspelar. Den kjem det i alle fall musikk ut av, og ikkje berre tikk takk. Tida kan du sjekka på mobilen. (Eller som russiske klokker: Tak tikk tak tikk. Eller mobilen: Tik tok, med direkteline til kinesiske styresmakter). Om du har glede av å spela gamle (eller nye) kassettar, kva er problemet? Eg kan nemna fleire ting eg tenkjer er mindre normalt, men me stoggar der. Aktuelt tilbehør: Fyr i peisen, pizza og raudvin.....

Les heile dagbokartikkelen til Stig Arne i Audiophile.no

SAD-+324 (2 of 7).jpg
 

Kommentarer

Informasjon om bruker

Audiophile.no
Bransjemedlem
Medlem siden
Antall liker
1.050
Link til alle artikler
431
Audiophile.no sine annonser
Audiophile.no
Gilad Tiefenbrun i Oslo - Kundekveld hos Eksakt HiFi

Gilad Tiefenbrun i Oslo - Kundekveld hos Eksakt HiFi

  • 0
Odd Rune har tradisjon for å invitere interessante gjester til sine kundekvelder i Vibes Gate 13. Denne torsdagen var det ingen ringere enn GIlad Tiefenbrun - CEO i Linn etter at han overtok for...
Fortsett
Audiophile.no
AVC-A10H – ny nestkommanderende AV-forsterker fra Denon

AVC-A10H – ny nestkommanderende AV-forsterker fra Denon

  • 13
Denon introduserer AVC-A10H. Dette er Denon sin nyeste AV-forsterker i A-serien, og produsenten sier at de henter inspirasjon fra flaggskipet A1H-modellen for å levere uovertruffen lydytelse og...
Fortsett
Audiophile.no
Pi6 og Pi8 – Tredje generasjon TWE fra Bowers & Wilkins

Pi6 og Pi8 – Tredje generasjon TWE fra Bowers & Wilkins

  • 0
Bowers & Wilkins har lansert sin tredje generasjon TWE. Eller kanskje vi på norsk heller skal kalle det HTØ – Helt Trådløse Øretelefoner? Tidligere i sommer var vi invitert til en digital...
Fortsett
Audiophile.no
Ein ikonisk høgtalar, og dampande øl – Stig Arne si dagbok Juli 2024

Ein ikonisk høgtalar, og dampande øl – Stig Arne si dagbok Juli 2024

  • 5
Eg har hatt desse lenge. Eg og Edvin, som budde i kjellaren hjå meg, pakka dei opp i hagen i Gullfjordungsvegen, der eg budde før, på Voss ein solfylt sumardag. Me slepte dei ned frå hovudvegen...
Fortsett
Audiophile.no
Gold 6G – Ny generasjon i Monitor Audio sin gullrekke

Gold 6G – Ny generasjon i Monitor Audio sin gullrekke

  • 1
Monitor Audio har lansert sjette generasjon av sin tradisjonsrike Gold-serie, en serie som befinner seg over mellomklasseserien Silver, men som likevel ikke strekker seg opp i Platinum sitt nivå...
Fortsett
Audiophile.no
TEST: Test av hele Google sin Pixel 8-serie - Pixel 8 Pro, Pixel 8 og Pixel 8a

TEST: Test av hele Google sin Pixel 8-serie - Pixel 8 Pro, Pixel 8 og Pixel 8a

  • 10
Google lanserte to nye mobiltelefoner sist høst, og en ny modell i mellomklassen i mai. I hvert fall har den mellomklassepris, men 8a har mange egenskaper som hører hjemme i en premiummobil. Vi...
Fortsett
Topp Bunn