Rålekker designleilighet nyoppusset i japansk sti
Den var fin og tankevekkjande.
Uvanleg mange flotte løysingar med utgangspunkt i ein temmeleg konvensjonell liten 2-roms (eller eitt rom + kjøken, jf. vindauga) på Carl Berner. Ein slags hommage til hypermoderne japansk design (eg tenkte litt på brutalistkonstruksjonane til
Kazunori Fujimoto): Fine overflater, fin løysing med sovealkoven og garderoben bak shoji-dører. Badet & kjøken var nydeleg - vonar det er lett å få tid i fellesvaskeriet i kjellaren.
Eg la merke til at leiligheita er formlik med (men litt mindre enn) "hovudetasjen" i rekkjehuset eg bur i: Lysinnslepp på ein vegg, med kjøken og våtrom (hjå meg vaskerom + wc) på venstre hand og stove på høgre. Eg kjem til å lagra denne til inspirasjon når vi får tid og råd til å pussa opp.
Så slo det meg at for å få utbyte av noko slikt som dette, må ein før det første bu åleine, og for det andre vera av typen som kan leva med få ting. Veldig få. Det er ikkje nødvendigvis dumt, altså.