Arghhh !
Dere obsternasige undommer ! Jekri og Arve!
Blå Jif ?
Hva er dog dette? Blande gramofonplater med slike moderne greier?
Jeg er en gammel mann og i min verden har man Zalo på kjøkkenet og det får da greie seg ! Hverdagen bliver alt for kompliceret for husmoderen om hun skal holde rede på flere ulike chemikalier !
For øvrig takk for tipset ! ;D ;D
Jif har eg ikkje prøvd (skrekk og gru...og vintagefolka skal vel bruke Sunlight sepe???), og Zalo bør definitivt ikkje brukast på vinylplater!
Har du ikkje råd til platereinsemaskin, er beste måten å halde støv unna platene å halde dei inne i koveret. Når dei må ut for avspeling, er det best å bruke ei kolfiberbørste. Det finnest fleire slike, og eg veit positivt at hificentera rundt omkring fører Clearaudio sine kolfiberbørster. Desse fungerer, og flassar ikkje kolfibrar.
For nedsausa plater, prøv å finne ein kompis med platereinsemaskin. (I verste fall får du sende dei til meg, men eg er DYR!!! Dessutan giddalaus. Og eg kan finne på å spele platene dine, dersom dei verkar interessante. Sjølv låner eg aldri ut vinylplater, men eg kan godt låne av andre....)
Fyrsteutgåveproblematikk: Det er som regel gravert inn nokre krypiske teikn på lakken, tett på platelabelen som kan gje idear om batch. Men dette må du kunne. Eg kan berre systema for ein del amerikanske klassiske pressingar frå 50- og 60-tal.
Normalt kan du seie at plater med fint avrunda kant sannsynlegvis er av eldre utgåve enn tynne, kvasse...