Vossajazz går tradisjonen tru av stabelen i Palmehelga, komande helg, denne gongen leia av Roger Urhaug, som har teke over stafettpinnen etter midlertidig leiar Laila Melkevoll; etter at mangeårig leiar Trude Storheim gjekk over i anna arbeid. Svimlande 50 arrangement/konsertar -eller derikring- skal avviklast i løpet av helga. Godt me har påskehelga etter å koma oss på.
Programmet finn du på vossajazz.no. Kveldskonsertane går stort sett føre seg på Park Hotell i Uttrågato, der du og finn billettkontoret, og kontoret til Vossa Jazz på andre sida av gata, om du har anna å klaga på enn veret. Ser du Vangskyrkja er du ikkje langt unna.
Unn deg ei helg på Voss med heimabrygg, smalahove og jazz i alle fasongar, frå dei beste artistane våre.
Les om Vossa Jazz 2025 hos Audiophile.no