Laurdagskvelden kl. 6 hender det me alle ser fram til: Tingingsverket. Scenen er Vossasalen på Park Hotel som tek inntil seks hundre sittande menneskje.
Tingingsverket: Kjetil Møster
Eg kom som vanleg seint, og er frekk nok til å skulda på besøket mitt. Ikkje FOR seint, dei hadde ikkje byrja å spela, men seint nok til at salen alt var full, og einast ein presseplass på fyrste rad var ledig, ute til venstre. Perfekt for å ta bilete, men alt for nært for eit samla inntrykk av musikken og lyden, og alt for høgt.
Etter å ha tømt tanken og ordna påfyll fann eg ein ledig plass lenger bak, men då var øyrene og alt i mellom blåst ut, og det tok tid før eg kunne høyra musikken på normalt vis. Denne konserten øydela eg altso heilt på eiga hand, og fekk problem med å gjera meg opp ei meining i etterkant.
Eg har stor beundring og respekt for Møster, og har opplevd han på Voss både i -17,-18 og -19. Sjekk gjerne reportasjane frå Vossajazz desse tre åra. Han er ein spanande musikar som eg alltid møter opp for å høyre. Han lagar alltid eit helvetes liv på konsertane sine.
Men denne gongen øydela plasseringa mi ikkje berre for lyden, men og musikken. Det heng saman. Men eg fekk med meg at Møster sjølv var tilbakehalden, og gav mykje plass til medmusikarane sine; eit sympatisk trekk, og han takka audmjukt for oppdraget. Eg spurde folk på veg ut kva dei tykte, og meiningane var delte. Nokon meinte det var flott, andre gav uttrykk for at det var for komplekst, og gjekk over hovudet deira. Eit tingingsverk kan ofte ha den effekten.
Les heile artikkelen frå Vossa Jazz 2025 - laurdag og sundag i Audiophile.no