Vossajazz 2022 - Sundag

Vossajazz2022-Sundag-fs.jpg


Eg var som vanleg seint oppe, og hadde sikta meg inn på fyrste konserten på kveldstid, Solveig Slettahjell i Vangskyrkja klokka 5. Dag ringde meg i grevens tid for å minna meg på ein konsert klokka halv 2 i gamlekinoen, med far og dotter Brunborg. Eg rakk det akkurat.

BRUNBORG OG ØYUNN: Togetherness

Far Brunborg er vår eigen Tore Brunborg frå bygda, ein mann med ein særleg var og vakker tone i saksofonen. Dotter Liv med artistnamn Øyunn spelte trommer. Det er ikkje kvar dag ein ser ei dame bak trommesettet, ho såg ut som om ho var 19 år, eg tenkte at ho nett hadde lært å tromma, og fekk vera med berre avdi ho var dotter til faren.

So synte det seg at ho var 32, og stødigare bak trommene til hardare det gjekk for seg. Med stor innleving og halvopen munn talde ho tonar og takter og kva veit eg, og smilte. Ho gav eit driv til musikken som gjorde denne konserten til ei herleg og frisk oppleving. Det gjorde heller ingenting at Bugge Wesseltoft sat bak pianoet. Eg reknar med at han ikkje treng nokon som helst presentasjon for lesarane av denne teigen. Han har same lyriske stil - om det er rette uttrykket - som Tore Brunborg. Saman med bassist Nikolai Hængsle var dette akkurat den kveiken me trengde for å kvikna til att på ein sundag. Både vakkert og oppfriskande på same tid. Men sei meg: Kvifor engelsk tittel?

Les heile artikkelen om sundagen på Vossajazz 2022 i Audiophile.no

Vossajazz2022-Sundag (7 of 15).jpg
 

Kommentarer

Informasjon om bruker

Audiophile.no
Bransjemedlem
Medlem siden
Antall liker
1.234
Link til alle artikler
470
Audiophile.no sine annonser
Audiophile.no
PLATESMAKING: Fire 70-tallshelter og et lite storband

PLATESMAKING: Fire 70-tallshelter og et lite storband

  • 13
I dagens Platesmaking er det mye musikk fra helter som hadde sin storhetstid på 70-tallet. Bortsett fra en utgivelse, som har hentet musikalsk materiale fra middelalderen og gjort noe veldig...
Fortsett
Audiophile.no
PLATESMAKING: 1.000 UK Artists - Is This What We Want?

PLATESMAKING: 1.000 UK Artists - Is This What We Want?

  • 0
Denne uken faller jeg delvis tilbake til gamle synder. Men jeg har en god grunn, og det er at jeg har valgt en utgivelse som «Ukens Plate» som egentlig ikke er noe å skrive hjem om. Ikke...
Fortsett
Audiophile.no
ÅRET SOM GJEKK – STIG ARNE SI DAGBOK JANUAR 2025

ÅRET SOM GJEKK – STIG ARNE SI DAGBOK JANUAR 2025

  • 1
Dempematerial som fyk rundt i stova, ny dac, høgtalarar, forsterkarar og platespelarar frå golv til tak. Og nokre øl før å roa ned att. Fyrst litt Ztigosofi: I den store samanhengen var 2024...
Fortsett
Audiophile.no
Ravnen D50 – ny DAC fra Hegel

Ravnen D50 – ny DAC fra Hegel

  • 6
Hegel har lansert en helt ny DAC, den første helt nye frittstående på over 12 år. Hegel D50 har fått tilnavnet Ravnen, og det har en grunn… Hegel har nettopp lansert en helt ny DAC, og forrige...
Fortsett
Audiophile.no
QUAD 33 og 303 - Norgespremiere på Oslo HiFi Show 2025

QUAD 33 og 303 - Norgespremiere på Oslo HiFi Show 2025

  • 0
Det ikoniske forsterkersettet QUAD 33 og 303 har kommet i ny tapning, og nå får vi en norgeslansering på Oslo HiFi Show mot slutten av mars. I 1967 konsturerte Peter Walker et av de mest ikoniske...
Fortsett
Audiophile.no
PLATESMAKING: Die Zauberflute – Orkester Nord - Martin Wåhlberg. Ren magi

PLATESMAKING: Die Zauberflute – Orkester Nord - Martin Wåhlberg. Ren magi

  • 0
Tryllefløyten av Mozart er ikke et hvilket som helst verk av Mozart, og helt fra jeg hørte en introduksjon til denne utgivelsen for et par uker siden på P2 med tilhørende smakebit av ouverturen...
Fortsett
Topp Bunn