Det er ein del alternativ i den prisklassen som eg opplever å vere akkurat inngangsnivået til hi-end. Eg har prøvd nokre som du finn under vinyl på
www.audiophile.no
Dei mest aktuelle dingsane som er i vanleg handel trur eg er:
Vpi Scout. Ikkje heilt nøytral, men kanskje den med størst speleglede, og som har lettast for å skape engasjement. Og her er ein JMW9-arm inkludert under 15 kkr. Litt spesiell, men eitt av dei beste armkjøpa du kan gjere. (Eg held han for å vere betre enn Rega før du kjem eit godt stykke opp i pris. Og så er han eigentleg lett å sette opp, berre litt "skummel" i det daglege før du vert vand med pivotering...
Clearaudio Solution eller Champion er to spelarar som er ekstremt nøytrale etter prisen. Armane til Clearaudio er ganske gode, men ein Rega RB300 fungerer også svært godt på desse spelarane.
Nottingham Spacedeck var eg kjempefornøgd med, då dette var den spelaren med "svartaste bakgrunn" eg til då hadde vore bort i. Der er to mindre brør i familien som eg ikkje har prøvd, men som ganske sikkert er interessante. Armane derifrå går an, men kostar relativt mykje, så her hadde eg nok eksperimentert med alternative armar.
Eg må berre beklage at eg ikkje har hatt tid til å oppgradere meg med mange nye leverandørar av spelarar i 10-15 kkr-klassen. Har høyrt rykte om nokre gode kjøp her, men det er altså på ryktenivå, så...
Om ambisjonane er litt lågare, er det alternativ som er ganske brukbare. Trauste Rega og Technics er kjende storleikar, som er lette å få hyggjeleg lyd ut av. Og er du skikkeleg blakk, er det faktisk råd å få eit fullverdig vinylliv med ein Dual 701, som du kan finne brukt til under ein tusenlapp om du er heldig. Og det er mange som lever lukkeleg med ein Thorens av eldre (eller nyare) modell.
Det er sjølvsagt kjekkast med stort budsjett. Og tek ein av, kan dei fire merka eg nemnde innleiingsvis supplerast med Linn Sondek i den prisklasse ein har råd til, eller dei fantastiske Avid Acutus, som eg har fått demonstrert ved to høve. Eg har ein mistanke om det vert vanskeleg å finne betre drivverk enn dette....