Gratulerer! Dette er ein kjempespelar, og kjem svært godt frå samanlikningar med den nære slektningen Kenwood KD 500. Han bankar også den kjende TEchnics SL 1200 (men ikkje SL 1000, som har ein svært god arm, og er eit av dei aller beste drivverka frå 70/80-talet)
Det er to svake punkt. Armen er det eine. Ikkje meir enn eit stykke over gjennomsnittet, i motsetnad til drivverket som berre er "svakt" i kraft av å vere direktedrive, til liks med veldig mange andre spelarar. Skal du ha betre direktedrivne, er det berre dei verkeleg rå og dyre som er tydeleg betre.
Stell pent med spelaren. Det var svært underprisa i si tid, og hadde låg status (eg trur det var fordi det var omsett gjennom Coop).