[h=5]Ikke ofte jeg poster vegger med ord, men denne gjendiktingen av den emminente rogalandspoeten Helge Torvund er flott.
KALDT SOM STÅL
Bob Dylan: Cold Irons Bound
Nå kan eg høyra røyster sjølv om ingen går forbi
Markene er brune Det luktar svidd av sjela mi
Var i kyrkja sundag og såg nakken hennar der
Det var dumt av meg å koma, for det svir å vera nær
Eg er lei av, lei av å ver' her
Og det er mest, er mest som eg ikkje er
Eg dreg inn i eit svart hol Det er kaldt som stål
Du lagar ein mur når du vert sur
Du kjem ikkje ut av ditt bur
Eit bål brann ned og du fekk nok
Eit glas vart knust og du fekk sjokk
Eit glimt av nakken din får meg ut av kontroll
Heile tilværet blir mørkt som mold
Eg dreg inn i eit svart hol Det er kaldt som stål
Eg har møtt så mange, ting skjedde litt for fort
Eg stolte på eit fleirtal, det skulle eg ikkje gjort
Vegen er så ujamn, og søla er så djup
Himmelen er eit hol Eit glatt og blodsvart stup
Eg hadde det fint, hadde det fint med deg
Men du haldt ikkje ut så lenge med meg
Eg dreg inn i eit svart hol Det er kaldt som stål
Vindane i storbyen har slite hjartet sundt
Alle ormetungene har snakka tinga rundt
Noko varer lenge Det er ikkje til å tru
Det som dukkar opp igjen i tankane er Du
Det er alltid noko som er friskt og ikkje rote
Alltid noko levande ein ikkje kan få skote
Eg dreg inn i eit svart hol Det er kaldt som stål
Steika står i omnen og potetene er på kok
Whiskeyen står i skapet og pengane på bok
Eg trudde kjærleiken var sikra Eg hadde satsa alt
Bare minnene er varme, alt anna har blitt kaldt
Når eg ser nakken din i kyrkja, får eg lyst til å be
Du er det einaste som kan få meg ned på kne
Eg dreg inn i eit svart hol Det er kaldt som stål
[/h]https://www.youtube.com/watch?feature=player_embedded&v=9hO-83CIVKM