I kva grad ein har eit problem med lydkvaliteten frå ein kald forforsterkar, må ein nesten finne ut sjølv. Rørøkonomi er ein ting (ein ARC SP 10 har 15 rør, og det er ingen spøk for lommeboka) som kanskje må reknast med også. Særleg om problemet ikkje er avgjerande for lyd-lukka.
Eg spelar musikk med ein gong forforsterkaren er ferdig med å blinke frå seg, og effektforsterkaren er komen på. Lyden endrar seg iallfall 15 -20 minutt, og eg har funne ut at det berre er forforsterkaren. Vi snakkar anten om ein Conrad Johnson ET 2 eller ein ARC SP 10. Effektforsterkaren, ein Copland CTA 520, kan eg ikkje detektere endringar over tid, sånn til vanleg. No er det ei slags spenning på effektforsterkaren heile tida som sannsynlegvis fører til "ein viss lunk" i komponentane, for det er ganske mykje dårlegare når eg slær på anlegget når kontakt/straum har vore fullstendig av.
Elles er det viktig å ha gode lytteprosedyrar når ein skal vere kritisk. Eg har ein "liturgi" der eg brukar laurdag og søndags morgon (helst to helger etter kvarandre) til å meine noko. Så brukar eg papir og blyant (PC når det skal forfattast noko, men då vert eg forstyrra av vifta i pcen). Det er viktig å notere seg kva ein driv med, for det er frykteleg lett å gjere ting annleis enn fyrste gong. Pass spesielt på at du spelar same musikken på same lydnivå. Gjer du ikkje det, vil du sannsynlegvis få beste lydlege resultat når du spelar høgst...