kyrrelaastad
Hi-Fi interessert
- Ble medlem
- 18.08.2013
- Innlegg
- 58
- Antall liker
- 35
Hei folk.
Eg er ny her, og feirer medlemsskapet med å fortelle om høgtalarane mine.
Eg fann eit par Hi-Fi System 20-høgtalarar på Fretex i fjor haust til 75 spenn pr. stk. Så eg kjøpte dei og tok dei med heim og tenkte at det låt veldig fint når eg høyrte på musikk gjennom dei. Men no har det gått snart eit år og eg har i mellomtida også fått ein TA 300, som eg har bytta kondensatorar i, og diverse andre delar. Den var ein tur opp frå kjellaren for å få køyrt seg litt saman med desse høgtalarane, og mens eg sat der og nilytta høyrte eg at det vrengte i høgtalarane på nokre sangar. Det er snakk om nedre mellomtone, nesten sånn frå 300 hZ ned til kanskje rundt 100 hZ. Eg blei bestyrta og gjekk ut ifrå at det var forsterkaren det var noko gale med, og byrja å stresse med dette. Likevel høyrte eg ikkje den same forvrengte lyden når eg høyrte musikk i headset frå same forsterkar. Etter dette skulle eg stille inn dei to pottane for symmetrisk klipping på forsterkaren og endte opp med å gje dei altfor mykje straum ei stakka stund, og dermed rauk ein transistor og eg måtte få tak i ny, etc., og tida gjekk mens eg høyrte på dei same høgtalarane gjennom NAD-forsterkaren som står i stua. Då oppdaga eg at eg hadde det same problemet med den forsterkaren også, og prøvde deretter å sette dei originale NAD-høgtalarane på anlegget igjen, og då låt det fint. Dette har eg tolka til at det er eit problem med Tandberg-høgtalarane mine. Høyres dette ut som noko som kan ha med elektrolytt-kondensatorane på delefilteret å gjere? Eg åpna dei opp og tok ein titt. Dei hadde ikkje nokre ytre teikn til å ha tørka ut, men det er jo ikkje alltid ein kan sjå slikt på utsida. Er det då veldig dumt å bytte dei ut med ein annan type kondensatorar? Polypropylen for eksempel? Dynabel har dei på lager i tilnærma riktig uF (eg må vel køyre eit par i serie for å få 12 uF, men ellers ser det ut til å gå som ein draum. Elektrolyttane hos Dynabel har mykje meir uF enn det eg treng (5 uF, 8 uF og 12uF).
Så ja, kva trur dei lærde her på forumet?