etter å ha hatt tv-fri stove ei stund lurer eg på moglegheitar til å få opp prosjektor til dei få timane i månaden eg spelar xbox eller ser film.
dei siste månadane har laptopen på bordkanten og lyden på anlegget gjort susen for meg i horisontalen.
men, i haustmørket hadde det vore fint med eit litt større bilete.
problemet er berre at eg er sur, gretten og vrang og vil unngå følgande:
henge prosjektor i taket, på ei hylle eller vegg
henge lerret i taket
henge rammespent lerret på vegg permanent
eg kan finne meg i å ha eit golvståande lerret bak hifi-benken, eller ha eit rammespent lerret som eg kan ta ned.
er det nokon som har tips til korleis eg kan få til prosjektor og lerret "ved behov"? prosjektoren kan eg stue inn i tvbenken og sette på bordet, men det blir kanskje litt lågt?