At elektroniske komponenter kan endre karakteristikker en smule ved temperaturendringer er logisk, men utover det er det helt ulogisk med endringer. Tilvenning derimot er en stor faktor man alltid må ta med i beregninger. Om man synes et produkt f.eks låter en smule hardt i begynnelsen så kan det være det helt naturligt at man 2 uker senere ikke reagerer på det samme.
Einig i logikken, men det er eit spørsmål om du har lytta til anlegget i dei to vekene. Tilvenninga skjer ikkje om du har eit lytteopphald, der anlegget står på. Då eg spelte inn mine Genesis 8300F, tok det veldig lang tid. Eg meinte det var ganske klare endringar etter eit par hundre timar. Eg lot då anlegget stå på døgnet rundt med musikk, sjølv om eg ikkje lytta seriøst anna enn i helgane. Men det var no høgtalarar, då, og komponentar som treng mekanisk innspeling.
Anlegget mitt treng i dag ca 20 min oppvarming for å vere optimalt. Men no trur eg alt er skikkeleg innspelt...har hatt høgtalarane i ca to år. Forsterkaren sidan i sommar. Langtidstestar pickup som eg trur var innspelt etter ca 30 timar (rota vekk tidsloggen)
No har eg prøvd ut ASR Emitter 2 Exclusive dei siste månadane. Den fyrste endringa, då eg skifta frå ein Copland 520 og ein Conrad Johnson ET2, var umiddelbart ganske formidabel. Men etter knapt tre veker med relativt mykje speling, både for eigen del og familien, var det ganske tydeleg at bassen hadde utvikla seg endå meir. Ein annan, mindre tydeleg (men subjektivt merkbar) endring til det betre, var meir romoppleving og tydelegare markering og plassering av spesielt mannlege vokalistar og strykarar.
Naturlegvis kan desse registreringane vere noko eg billar meg inn, men eg har strukke det så langt når det gjeld nedtoning av dagsform m.m. som råd når eg gjer seriøse vurderingar (Eg spelar laurdags og søndags morgon når eg har huset for meg sjølv, brukar same lydstyrke -stort sett-, og held alle faktorar så stabile som råd (20 grader romtemperatur, et ikkje frukost før resten av familien står opp, same møbelplassering...)
Når eg registrerar skilnadar under såpass like tilhøve, reknar eg det (iallfall i eiga loggbok) som reelle skilnadar. Anna kan eg ikkje godt gjere?