Problemet med kval er at det er så vanskeleg å drive oppdrett, og at det også er vanskeleg å finne ein avlivingsmåte som verkar "human" (?) Store dyr som sprengast med eksploderande prosjektil er ei etisk utfordring.
Sjølv har eg likevel små problem med å ete kvalkjøt, for eg ser at dyrevelferd stort sett er betre (eller "rettare") for dyr som er jakta enn dyr som lever i oppdrettsamanheng notildags. I gamle dagar kunne kyr leve i langt over 10 år og vere melkeprodusentar, og den gongen eg hadde høner med tanke på ungane, fekk dei leve i inntil fire år)
Men når det gjeld kvalkjøt, er veldig stor skilnad på kvaliteten. Ein gong fekk eg nisekjøt av ein kamerat. Ei nise (verdas minste kval) hadde gått seg fast i garnet hans, og i staden for å skrotten reke sin veg, parterte han dyret. Eg la kjøtet i melk, slik eg hadde lært at ein bør gjere med kvalkjøt, og fekk utruleg gode biffar, heilt utan transmak, møyre som den finaste indrefilet, og med flott smak på alle måtar. Eg veit ikkje om nisa er utryddingstruga, eller om bestanden har endra seg noko, men dette er ein matressurs eg gjerne kunne hatt meir av.
Når det gjeld skinn på høgtalarane, skjer dette av estetiske årsakar. Eg såg at høgtalarane mine kunne leverast med skinntrekk. Det var sjølvsagt ein ekstra luksusopsjon, og sjølv om det sikkert vil vere mange som vil seie det såg ganske ok ut, tykte eg det ikkje vart noko for meg. Så pianolakk var heilt greitt, og det billegaste alternativet.
Skinnmøblar har eg hatt i ca 20 år - ein utmerka vinkelsofa og kvilestol frå Hjellegjerde. Samla ikkje støv, og var altså slitesterk i 20 år. Men no måtte det ut, og vart for drygt halvanna år sidan erstatta av ein polsk vinkel i stoff. Den er sterkt prega av bruken, som har vore mindre hard enn Hjellegjerde. Om ein skal snakke etiske prinsipp, tykkjer eg det er betre å ha ein skinnsalong i 20 år, enn å ha fire salongar i stoff same periode. Dessutan har eg to allergikarar i familien, og må slå ihel katten om dei skal flytte heim - kattehår er langt lettare å fjerne frå ein skinnsalong.
Tykkjer eigentleg det etiske rundt matproduksjon er viktig. Det å hauste kjøt er ytterst naturleg for oss alletarar. Men det er nok ein for stor del av næringsinntaket vårt som er kjøt. Sjølv har eg dårleg samvit fordi eg et for lite fisk, som eg likar veldig godt. Då eg var liten, var det fisk minst annankvar dag, og i sesongen kunne det vere alle kvardagar. Eg var lei av fisk då eg flytta på hybel som 16-åring, men sakna etter kvart fisk, slik at eg bestilte det når eg skulle på heimebesøk.
Eg tykkjer elles prinsippet om kortreist mat er langt viktigare enn prinsippet om å vere vegetarianar eller veganar. Det er uetisk å brenne av massevis av energi på å flytte t.d. sauekjøt frå New Zealand eller biffkjøt frå Søramerika til Noreg, ettersom vi kan produsere dette sjølve utan problem. Det er ikkje vanskeleg å satse på flotte kjøtraser i vårt land. Problemet er å gjere det lønsamt. Så av ein eller annan pervers grunn løner det seg å transportere mat rundt halve jorda. Ingen stad har eg funne ut kor mykje slik mattransport eigentleg kostar, korkje økonomisk (det må ligge ei eller anna skjult subsidiering ein stad) eller miljømessig.
Når fekk de forresten sist tak i norsk frukt? Eg måtte kjøpe frå gard i haust - håplaus kvalitet i butikkane, og elendig utval.