Ein treng både platereinsemaskin og to-tre pickuparmar. Gjerne like mange platespelarar, men det vert fort fullt i eit audmjukt lytterom. Difor har eg platereinsemaskina i garasja, og berre ein platespelar. Men eg har to armrør, og eit pickupskift går lynraskt.
Eg er halv sunnmøring og ganske gneten. Difor brukar eg to rimelege (3-4000kr-klassen) pickupar med ulike kvalitetar, i staden for ein dyr pickup med generelt storarta kvalitetar (erfaringmessig i 15000kr-klassen). Då skiftar eg pickup etter humør, dagsform og plateval. Dette trivest eg godt med. Men eg vert innimellom misunneleg på Rudi, når han bolsar med opptil fleire pickupar i langt dyrare prisklasse..... Eigentleg dillar eg. Eg treng korkje fleire armrør eller platespelarar. Det einaste nødvendige er nok ein AirTight til ein hinsides pris. Det skulle eg kunne greie meg med lenge.
Dei gamle armane med pickupshell som kunne takast av armen, er utmerka. Men sjølv om akkurat pickupskiftet går fort, må armen også justerast. Her er det stor skilnad på armar med eigen spake for azimuth (t.d.EPA 100, Kenwood 07D-spelaren og slike der du må løyse eit par skruar og løfte/senke armen til rett høgd før du strammar til.
Uansett vert det veldig skilnad på pickupar med ulik komplianse, som t.d. Shure og Denon. Desse kan vanskeleg brukast i same arm (einaste unntaket eg veit om er visse tangentialarmar). Er du "avhengig" av pickupar i ulike komplianseklasse, treng du både ein lett og ein tung arm.
Nokre få armar (kjem berre på danske Mørch) kan utstyrast med armrør i ulike vektklassar, Dette er ei utmerka løysing. Men eit pickupskift tek likevel tid pga. justeringane.
Så for dei med fleire pickupar som brukast ofte er det tre alternativ:
1. Kjøp pickuparm der ein kan skifte heile pickupen og armrøret i eitt (t.d. Eminent Technology og VPI JMW)
2. Gå for ein diger platespelar med fleire armar, som optimaliserast etter pickupvalet ditt.
3. Finn deg i at ting tek (iallfall litt) tid.