Spelar massevis av julesongar på jobben i sesongen, så for meg brukast platespelaren i juletida å få besøk av:
Ramirez: Nuestra Navidad (og så spelar eg B-sida, med Misa Criola). Dette har vorte familiens tradisjonsmusikk når juletreet pyntast. Og så er det fint å høyre på, slik at det normalt vert julas mest spelte plate.
Händel spelast også. Mykje vass-musikk i den tida då eg hadde full kontroll på programmet, men dette er tona ned - sterke krav om å fylgje relativt nyetablerte juletradisjonar rundt TV-program supplerast med Radialstrahlingslyd. Men når eg har stova for meg sjølv etter kvart, spelast sjølvsagt Music For The Royal Fireworks så vel som annan barokkmusikk + ein del renessansegreier. Etter kvart som eg har vorte eldre, har eg fått mykje sans for ein del madrigalar som var for kjedeleg å høyre på tidlegare.
Når mine vaksne ungar er heime i jula, vert det også spelt ein del på oppfordring. Så akkurat no går Holst sine planetar rundt og rundt..