De beste poengene kommer når de blir forklart .......
Jeg er ikke helt sikker på om Arve vet at høyttalerne hans stråler rundt 360 grader.
Jau, det tok ikkje lange tida før eg fann ut dette.
Så du har berre sete og venta på høvet til å knusa til med utsegna?;D sånt kan me lika! Men det fordrar samstundes at folk er vakne og oppmerksame på slike tvetydande ordlydar....
Mvh
Proffen
Du har heilt rett i alt du seier. Så eg bør vel oppføre meg i denne tråden, sånn etter kvart.
Spreiingsmønsteret til høgtalaren har alt å seie for korleis perspektivet skal opplevast, og sidan diskanten er meir retningsverkande enn dei andre frekvensane, og dertil lettast vert absorbert av veggar og omgjevnadar, er det diskant ein normalt må gå etter. Spreier diskanten seg godt, er det oftast best å peike høgtalarane beint fram. Men ikkje alltid, det kjem an på. Har du ei testplate og orkar hyletonar, er det ei hjelp å spele eit frekvenssveip frå toppen og ned til ein stad ca 500 Hz, og lytte om di subjektive oppleving av dette frekvensområdet opplevast som nokolunde lineært. Om nivået verkar svakt i toppen, vil eg normalt prøve meir vinkling innover.
Så kvifor ikkje peike rett på lytteposisjon? Av og til, med sterkt retningsverkande høgtalarar (horn og visse elektrostatar) er dette gjerne det rette. Men på visse plater (gjerne av store orkesteroppsett og intrikate opptak) øydelegg dette lydbildet. Då er det to ting det er vanleg å gjere; anten endre musikksmak til små, akustiske orkesteroppsett, innspelt i xy/Blumlein teknikk med to mikrofonar, eller flytte på høgtalarane. Så ofte er ei forsiktig vinkling innover eit godt kompromiss, som gjer at du får eit brukbart sweetspot.
Har ein rundstrålande høgtalarar som meg, er vinkling lite relevant. Men rommet spelar i endå større grad inn på lyden enn ved andre høgtalarval. Det tok meg ca 1 år å få til ei høgtalarplassering eg var heilt fornøgd med (men då flytta eg ikkje på høgtalarar heile tida). Det som var viktig var å dempe/spreie refleksjonane passeleg. Ein rundstrålande høgtalar får ikkje til punktmarkering (pinpointing) av dei flottaste opptaka. Men du høyrer aldri pinpointing ute i den verkelege verda heller, berre nesten. Og "nesten" greier også rundstrålarar. Faktisk veldig godt. Pinpointing krev full kontroll (dvs mykje demping) på alle refleksjonar, og kan gjere at lyden din vert kjedeleg. Så mitt råd er å ikkje la seg blende av akkurat denne eigenskapen. Romoppleving, klangbalanse og dynamikknyansering er mykje viktigare i lengda.
Ein rundstrålande høgtalar har dessutan eit stort pluss; du kan flytte deg nærare/lenger frå høgtalarane ganske fritt, og dermed regulere avstanden til "orkesteret" (illusjonen av dette) i den grad du finn som naturleg avstand til orkesteret. Vil du vere på dirigentplass, er det berre å sitte på ein krakk kloss på høgtalarane, og vil du ha ei oppleving bak i salen, flyttar du motsett veg.
Dei einaste problema eg ser med rundstrålande høgtalarar er:
- svært mykje jobbing med plasseringa
- ineffektive - sidan lyden skal sendast alle stadar, må du ha mykje effekt til rådvelde.
- utsjånad vil somme seie.
- prisen
Men når det gjeld lyd, trur eg ikkje eg kjem til å bytte attende til meir konvensjonelle ting.