Mine bræle-plater:
Telarc: 1812-overture (for smokk og smell og sporingsevne)
Sheffield Track record (smokk og smell her også)
RCA 2446 Seheherazade med Fritz Reiner (for generell realisme - og demo av RCA si forståing av "naturleg" når det gjeld blåseinstre.)
Tilsvarande RCA-innspeling av Dvorak 5 (dvs 9.) symfoni med Charles Munch.
Ole Paus/Gunnar Bull Gundersen "Ole Bull Show" (for generell realisme)
Flying Norwegians: Wounded Bird (for å syne at bergensar-bandet hadde skyhøge kvalitetar, og Arne Bendiksen sine ressursar når det gjeld studio)
Vømmøl: Begge platene. (for å syne at dei kan lage glimrande opptak også på Austlandet, når dei berre vil)
Harry Belafonte in Carniege Hall (Det er berre verdas beste opptak av ei herrestemme, så langt eg har erfart)
Thelma Hustos: "Ive got the music in me" (for å syne vitsen med direktegravering av plater)
DSOTM med Pink Floyd. Obligatorisk pensum.
Shostakovich Sym 6&11: Emi SLE 5177. (For å ditche einkvar vinylkritikar og parkere alle som nokonsinne har trudd at CD har dynamikk. Ikkje høgoppløyst, men vinyl på sitt aller beste. Betre enn alt. Med mindre spoleband-sleipingane greier å gjere eit brekk)
Litt Supertramp til slutt. Gjerne halvfartsgraveringar.
Endå meir:
Alle Lyrita-plater laga etter 1970 (om du kan halde ut sær, engelsk klassisk musikk)
Sjekk gammal Cornelis og dei andre svenske platene frå same epoke/plateselskap.
Opus 3, om du fiksar litt amatør-artistar.
Testplatene til Syrinx. Spesielt den med Schubert.