Dette er eitt absolutt interessant tema, men eg er heilt overbevist om at det går ikkje an å bestemme noko prosentfordeling på eitt hifioppsett. Eg vil tru, at alle her på forumet har hatt overraskelsar når det kjem til matching. Elektronikk, høgtalarar og rom må passe saman,- i henhold til eigne preferansar.
Sjølv har eg endt opp med effekt med ein nypris på ca 140k (2x McIntosh 352) som banka liv i HT med nypris på ca 25k(klipsch rf7mk1) Då er det mange som meinar eg er heilt på styr, ja kanskje tilogmed idiot. Men dette syns eg let bra på både lågt og vanvittigt høgt nivå, dog ikkje det beste er har høyrt når det kjem til stemmegjengivelse. Men eg har til gode å høyre eit anlegg eg heller ville hatt.
forøvrig så hadde eg mcintosh c220 som preamp i nokre år, denne kosta vel 34k. Eg bytta ut den med ein onkyo 3010 surroundreciever då eg skulle lage kinorom. Veil pris på 22k, eg fekk han vel for 14k pga noko ryddegreier. Eg saknar ingenting frå den dyre preampen. Pluss at eg fekk surround. Altså vart billigare betre der...
Forøvrig tenkjer eg slik når det gjeld forsterkeri og HT: God elektronikk kan "makse" ein Ht og få det beste ut av den.
Men om du har dårleg elektronikk så kan du ha så god ht du berre vil, han greier ikkje å gjeva ut noko meir enn han får inn okkesom.
Dette er iallefall min erfaring. Og store tunge forsterkararararar er TØFT. ??????