Var i Bergen sist helg, og tok turen innom Renaissance. På Horten-messa hadde eg lagt merke til demonstrasjonen av EAT, (eg har riaaen Eat-e-Pro som referanse og ein av mine kjæraste komponentar). Ettersom Renaissance er distributør, spurte eg Roald om han hadde inne same pickup som var i bruk på messa, og det hadde han...
På messa hadde det vore svært god lyd. Litt skuldast sjølvsagt både dei svære høgtalarane og elektronikken, men når platespelarspesialisten EAT har med eigne pickupar, må det ha noko føre seg. Så eg spurte pent om å få prøve ut ein slik. Og for å gjere ei lang historie noko kortare, her er han i fart:
Pickupen ser litt spesiell ut. Eigentleg ganske normal, som om han kan vere ein tilpassa modell frå annan underleverandør, men med merkeleg tremosaikk-arbeid rundt. Dette består av ekstremt små trebitar, limde saman med ymse sære harpiks-greier. Ein spesiell japansk teknikk, finn eg på nettet, kalla Yosegi, som pickupen. Putle-arbeid som eg har sett liknande av vore utført også i Andalucia, i Mijas:
Men det er ein vits med dette putleriet. Laminering av mange trebitar kontrollerar resonansane. Og eg ser at EAT også leverer pickuparmshell med tilsvarande oppbyggijing. Og alt no, under innspelinga, merkar eg tendensar til dynamisk nyanseringevne som normalt høyrer til i dyrare prisklassar (no gløymde eg å spørje kva pickupen kostar, men meinar å hugse frå messa at vi var over 10 og under 15 kkr).
Pickupar er interessante saker. Det er sjølvsagt mykje som kan målast, og det er viktig å tenkje kva slags slipingar, nålefane, viklingstal, trådkvalitet og presisjon dei er laga med. Men resonansar er spennande. Ein av dei beste pickupane eg har prøvd, Aiwon frå Acoustical Systems, har eit spesialkabinett med utfresingar ein tannlege verdig, som er ilagt gullfyllingar. Og går du til Koetsu sine svinedyre pickupar, er kabinetta deira laga av ymse smykkesteinar. Og her kjem EAT med ein pickup som har kappe i tre. Ikkje eigentleg for å fjerne alle resonansar, men for å styre dei. Slik felebyggjarar ynskjer å få fram spesielle klangkarakterar frå instrumenta sine.
Å lage superdempa, resonansfrie pickupar er nok ein god ide, og det finnest endåtil pickupar utan kabinett, der heile konstruksjonen er blotta.
Eg skal no høyre på denne vesle saken ei stund. Klangbalansen er eg ikkje heilt fornøgd med ved fyrste lytt, men det skal vel litt innspelingstid til, vil eg tru. Dynamikken er alt veldig nyansert, og etter kvart skal vi prøve nokre brutale innspelingar, så vi finn ut kva treskallen kan klare. ...