Eg var nok i det digresjonelle hjørnet då eg svara. Så då kan eg gje deg eit meir tilfredsstillande svar, håpar eg.
Å spele vinyl retteleg høgt, er ikkje verre enn frå andre kjelder, bortsett frå at mekanisk avlesing av platene via pickup kan skape feedback frå høgtalarane. Det er typisk at dette oppstår ved ganske låge lydstyrker, om feedbacken går frå høgtalarar via golv til eit rack der ein platespelar med fast oppheng set pickupen i resonans. Flytande opphengde spelarar kan ofte spele litt høgre, men det kjem an på konstruksjon og omgjevnadar. Plasserer du spelaren på ei vegghylle, vert feedbacken mindre påtrengande, og du kan spele høgre. Men spelar du skikkeleg høgt, vil lyden forplante seg via luft til å sette pickup og arm i resonans. Løysinga då er å plassere spelaren i eit anna rom - då kan du spele høgre. Så noko meir presist metrisk svar, kan du diverre ikkje få - det er inga teoretisk grense for vinylavspelingslydtrykk
Så til dette med 130 dB. Det er ei merkeleg grense, som ein skal vere forsiktig å nærme seg. Mange kallar det smertegrensa, og arbeidsmiljølova tilseier at ingen arbeidstakar skal opphalde seg i omgjevnadar med så høg lyd. Vidare seier AML at du ikkje skal opphalde deg ved 80 (eller var det 85) dB gjennom arbeidsdagen, og at ein skal gå til halvårleg høyrselkontroll når ein er i grenseområdet.
Målingar av lydstyrke gjer ein best på eit gjeve punkt med sinustonar. Målar du eit stereoanlegg sin lydstyrke, er det mange faktorar som dukkar opp:
- avstand mellom målepunkt og lydkjelde (brukar å falle med 3 dB pr meter utandørs eller i eit stort, lyddaudt rom. Det tilsvarar at du må spele med dobbelt så kraftig effektforsterkar når du flyttar deg ein meter lenger frå høgtalarane) Dei fleste høgtalarane sitt lydnivå målast i lyddaudt rom med 1 meters avstand frå mikrofon.
- rominnverknad. Dette er veldig forvirrande, og er også frekvensavhengig. Bassen er ofte veikast i lytteposisjon, men kan boostast i ei krå. Plasserer du høgtalarane dine i ei krå (dei mest ekstreme her er Klipschorn, som er bygde for slik plassering), aukar du lydtrykket i bassen.
- tidsdomenet, altså målar du ein sinustone, eller er det ein peak i eit kort tidsrom?
Desse aspekta er nok med på å gje deg diffuse svar. Eit anna moment er at deciBel er eit logaritmisk uttrykk, eit verktøy som skulle måle lydstyrke frå det knapt høyrbare (0dB er det lågaste noko menneske kan registrere. Dei færraste, bortsett frå barn som veks opp utanfor byar og støyande omgjevnadar kan registrere slikt) opp til smertegrensa (som definerast som 130 dB). Skalaen går vidare til 190 dB, som er det teoretisk maksimale lydtrykk i luft (meiner det var målt noko over 180 dB under avfyring av Saturn 5-løfterakettane som NASA brukte då dei skulle få Apollo-programmet til vers)
Det er slik at samanhengen mellom deciBel og påkrevd effekt i Watt er at effekten doblast/halverast når deciBelstyrken aukar/avtek med 3 dB (3dB er rekna som den minste skilnaden ein kan registrere med øyret. Dei fleste litt musikkinteresserte, og spesielt audiofile, klarar fint å detektere skilnadar på 2 og jamvel 1 dB med litt øving)
No tek vi føre oss Lowther EX3, som du brukar. Eg har ikkje høyrt Lowther på mange år, men har ved fleire høve fått demonstert fulltoneoppsetta der. Det verkar veldig lettdreve, og i eit optimalt kabinett spelar dei mangeognitti dB på ein watt. Lat oss seie at du får til 95 dB på ein Watt (trur ikkje det er så langt unna realitetane). Og så ynskjer du eit lydtrykk på 130 dB.... då startar leiken:
1 watt gjev 95 dB
2 watt gjev 98 dB
4 watt gjev 101 dB
8 watt gjev 104 dB
16 watt gjev 107 dB
31 watt gjev 110 dB
62 watt gjev 113 dB
124 watt gjev 116 dB
- og då tek det til å verte mykje varme som skal leiast vekk frå høgtalarspolane. Faren for smelting er til stades for Lowther. Men vi held det gåande med meir effekt:
248 Watt gjev 119 dB
500 Watt gjev 122 dB (gidd ikkje finrekne. Du tek poenget)
1000 Watt gjev 125 dB
2000 Watt gjev 128 dB
litt under 4000 watt skulle gjere susen på 130 dB. Og det går ikkje.
Så då spørs det om høgtalarplassering og rom-boost kan ha ført til dette måleresultatet. Eller om det registrerast ekstremt korte peakar i
Alt tyder på at 130 dB er feil.
Sjølv spelar eg teoretisk vesentleg lågare, med svært tungdrivne høgtalarar (81 dB på 1 meters avstand med 1 Watt. Eg har 500 Watt, og då kan du rekne om du finn det interessant. Eg spelar sjeldan med forsterkaren på meir enn 60 %)
Håpar dette var interessant. Ha ei forsatt god jul, med mykje god lytting til musikk!