Ein liten ting som er oversett:
Størrelse på loddespiss. Dei fleste, også fleirtalet av dei som rekner seg som proffe, brukar for liten spiss, og kompenserer dette med høgare temp. Problemet er at når du stikker ein spiss med 320°C bort på noko som held 20°C, og dette kanskje er like stort som spissen, så vil spisstemp gå vesentleg ned, og du må bruke tid på å varme objektet tilstrekkelig opp til at tinnet smelter. Når du brukar lang tid så får også varmen betre tid til å spre seg utover til plassar som er i kontakt med plast, og du auker sjanse for smelting av denne. Jo tynnare spissen er, jo dårlegare blir varmeledningsevnen, samt allerede opplagra varme i spissen. Dette gjer at du tapar i to endar, det tar lengre tid før sensor registrerer at temp har gått ned, samt at du bruker lengre tid på å lede varmen ut frå kolben til det du skal lodde på.
Ja, eg veit det finnast High end loddestasjonar som på eit eller anna vis kompenserer for dette, men det er laaaaaangt utanføre prisramma vi hobby-/semiproffe folk driv på.
Dersom du har stor nok spiss, så er:
- ca 310-320°C godt å jobbe med for gammelt blytinn(bør ha minimum 60W stasjon)
- ca 360°C godt for blyfritt(bør ha minimum 80W stasjon)
Bortsett frå miljøaspektet, er det kun nedsider med blyfritt loddetinn, meg bekjent. Så kjøp med bly, og med litt sølv. Sølvet gir betre fukting(utflyt). Kva det nemnte gullet skal gjere veit eg ikkje, har ikkje hørt om det før.