odderiklothe
Medlem
- Ble medlem
- 25.04.2013
- Innlegg
- 11
- Antall liker
- 0
Eg har pr. idag ei kjellarstove som er eit finfint hifi-/tilfluktsrom eg har mykje glede av. Desverre må vi gjere nokre endringar i møblering osv. som gjer at eg tenkjer eg må gjere om på oppsettet. Rommet er ca. 4 x 6 meter og eg spelar idag frå kortveggen og bakover. I framtida må anlegget spele enten frå midten av rommet eller på tvers. Uansett vil dette innebere at dei spelar på halvparten av rommet. Tenkjer difor type stativhøgtalar kan vere fornuftig å gå over til. Har i dag Piega Premium 50. Fortserkar: LM 216A. Kilde: Rega Rp3 med Dynavektor 20 x2 og dynavektor riia. Ein kombo eg i utgangspunktet er veldig fornøgd med. Piegane spelar stort, reint og homogent. Diskanten er spesielt bra. Detaljert utan å bli slitsom. I det heile teke ønskar eg å behalde mykje av desse eigenskapane, men utan at det skal bli sølete i botn. Oppsettet no er heilt i grenseland allereie. Må sitte eit stykke frå for at bassen ikkje skal bli for dominrande på enkelte innspelingar. Nettopp difor trur eg at mindre høgtalarar må til etter ommøblering.
Musikksmaken min er ganske allsidig, men dei siste åra har det vore mest av den snille sorten. Jazz, easy listening, blues, country, og visesang. Men er og svak for musikk frå -50/-60/-70-talet generelt. Og tidlig heavy som Deep Purple, Zeppelin og Black Sabbath. Ein dose pønk er heller ikkje å forakte. EDM, dagens listepop eller moderne rock, blir det imidlertid svært lite av........
Lydmessig går smaken mot det som eg oppfattar som naturlig. Er musikar/vokalist sjølv, og har fullstendig allergi mot alt som har med spisse s-ar og tynn og unaturlig vokal. Dynamikk er viktig. Likeledes romfølelse, holografiske eigenskapar og homogenitet. Vil ikkje at noko stikk seg ut. Fint med detaljar, men det må vere truverdig i forhold til resten. Så musikalsk og naturlig er vel stikkord? Det eg treng i mindre grad er brønndjup eller tung bass og evnen til å spele veldig høgt. Dei store heimealeinefestane si tid er forbi.......
Ja, og budsjett tenkte eg 15000-20000. Nytt eller brukt.
Verdt å nemne er og at forsterkaren nok ikkje kan dra dei tyngste lastene, men sine 22 watt. LIkevel kraftigare enn ein skulle tru.....
Så; tips nokon?