Det stemmer. Eat-e-glo er ekstremt altetande. Det eg ikkje fekk veldig fram i omtaleartikkelen, var at pickupar med meir "normalt" utgangsnivå (0,5-0,6 mV) ikkje overstyrte den mest følsomme inngangen. Ein opplever eit kraftig signal som "betre" enn eit svakare, iallfall så lenge det ikkje vrengjer.
Elles har European Audio Team kome med ei "billegutgåve" med litt mindre gain enn storebror. Så dersom det ikkje er behov for forsterking av 0,1 mV eller mindre, kan dette vere eit godt alternativ.
Uansett - Eg ville prøvd å ta ein lytt til ein eller begge riaatrinna, dersom prisnivået er akseptabelt, trur eg at EAT lagar noko av det beste av rørbaserte riaatrinn du kan få utan å gå til sekssifra prisar.