Eg tvilar på at ei steinplate vil hjelpe på dette. Det kan kanskje avhjelpast noko ved å legge ei tynn stripe plastilin på pickuparmen. Denne resonansen som får bassane til å frike ut, kjem av samanhengen mellom kor tung pickuparmen er (Effektiv masse) og kor stiv pickupen er (complianse). Til saman skapar desse to faktorane ein resonans. Ideelt sett bør denne vere under 12 Hz, men ikkje mindre enn 8 Hz. Eg greier ikkje å finne data på Elys-pickupen, men skulle tru at Rega hadde ein fornuftig match her når dette er ein pickup som normalt seljast saman med Regaspelarar. Aukar du massen med plastilin, vil resonansen flytte seg, og problemet kan kanskje avhjelpast. Men hugs at stifttrykket må justerast etterpå - nullstill armen med motvektsloddet slik at han "vippar". Her er stifttrykket 0. Så skrur du stifttrykket til 1,8 gram, som er det produsenten tilrår. Du kan auke til ca 2g om det er til nytte, men helst brukar eg max av det produsenten går for.