Audiophile-Arve
Æresmedlem
Dette er heilt naturleg. Munkane i mellomalderen (vitskapsfolket den gongen) brukte urter for å kurere ut frå fysisk likskap mellom plante og kroppsdel. Difor vart alrunerota tillagt fantastiske eigenskapar (rota likna ofte eit lite menneske, og kunne såleis hjelpe mot neste alt. Dette ryktet vart sikkert forsterka av at planten inneheld ein del giftstoff, som i små mengder kan verke bedøvande og/eller gje rus...)Big and heavy transformers = "bigger" and more "heavy" sound. Snodig hvordan fysiske egenskaper overføres til lydbildet.....
Det er vel døme på blå og svarte forsterkarar som kling mørkt, medan blanke/kite/alminiumskabinett kling lyst.... så det er bra at du kan velgje mellom blank
og svart på mange modellar.
Eg har prøvd å eksperimentere med både signal-, høgtalar- og straumkablar, men er framleis svært usikker på om eg høyrer ting ut frå forventningsbias eller om det faktisk er skilnadar verd å ta omsyn til. Diverre har eg vorte hindra i å gjere mykje av utprøvingane, då eg har fått ein ASR Emitter 2, der dei tre straumkablane er integrerte, og at ein slik dimensjon at det vanskeleg kan tenkjast å vere noko forbetringspotensiale her. Mellom Emittaren og signalkjeldene har eg prøvd ut ulikt, og merka skilnad. Men der er feilkjelder: lengda på signalkablane har variert, og då er det ikkje samanlikningsgrunnlag. Plasseringa av kablane har vore meir eller mindre tilfeldig, og dette er noko som verkar inn. Lagar du eit ormebol der litt ekstra lange signal/høgtalar/straumkablar ligg i ei ruske, verkar dette ganske tydeleg inn på lyden. Eg har prøvd å legge signalkablar inn i leidningsskjularar frå IKEA, slik at dei ligg parallelt, men i endane vert det likevel litt snurr. Burde vel få kappa ting akkurat lange nok, og unngått kryssing av kablar, men det er upraktisk i neste omgang, når ein skal flytte på eit apparat eller noko.
Ein annan faktor som verkar inn, er kva høgtalarar ein har. Nokre høgtalarar er så analytiske at du nesten høyrer skilnad på flo og fjære. Det gjer ikkje mine, dei pinpointar i ganske ordinær grad, og pinpointing er ein av dei faktorane som er lettast å "miste" når du tuklar med anlegget. Såleis kan eigarar av ymse pinpointande anlegg kanskje oppfatte kabelendringar som meir avgjerande enn kva eg gjer. Eg veit ikkje.
Dei siste eksperimenta eg har gjort, har vore med straumkabelen til EAT riaatrinnet mitt. Har enda opp med ein Electrocompaniet-kabel, men må innrømme at eg ikkje tek ABX-testen når eg samanliknar med ein standard apparatkabel. Eg er positivt innstilt til utprøving av andre, men må innrømme at min forventningsbias etter kvart har vorte negativ....