Det dumme med slike trådar er at det er så mange meiningar, og så lite erfaringar..
Ein må nesten prøve ut ting sjølv, og så finne ut om det ein erfarar er verd å investere i, ut frå eigen ståstad. Dersom ein seljar, eller ein meddebattant på sentralen hardnakka påstår at du ikkje lever eit fullverdig liv utan å investere i eit spesielt kabelmerke, er det god grunn til å snakke om noko anna.
Opp gjennom åra har eg opplevd mykje kabel-styr. Det fyrste var då Monster Cable dukka opp. For ein akseptabel pris kunne ein skifte ut lampettleidningane med noko litt tjukkare mellom forsterkar og høgtalarar. Og for dei fleste som hadde eit anlegg med ambisjonar, vart det ein skilnad i lydkvaliteten. Så kom det signalkabel som kunne erstatte desse skolissene som var standard. Også her meinte ein både å sikre betre kontakt, og også oppleve betre lyd innimellom. Prisen var naturlegvis høgre enn nesten gratis "skolisser", men ikkje så frykteleg urimeleg. Før Powerline 2 kom, og kosta så mykje at ein merka det....
Når ein så etter kvart fekk kablar som var prisa inn i gudeverda, tok det heilt av. Det å spandere titals tusen kroner på eit kabelpar svarar etter mi meining seg ikkje, dersom du samanliknar med kva du kan oppnå ved å investere tilsvarande beløp i høgtalarane. Men oftast har folk i kabelkjøpemodus alt ståande eit sett høgtalarar som dei er fornøgde med, og ikkje har planar om å omsetje. Kabel er truleg meir nærliggjande, og kvifor ikkje spandere det ein har sett seg råd til? Sjå berre korleis merkevare handlast når det gjeld klesplagg, bilar og damevesker. Kva er eigentleg kvaliteten? Er det feelgood-kjendla av å ha Mercedes framfor Volkswagen? Det er ikkje innlysande at den eine er "Betre" enn den andre - kvalitet kan vere så mangt. Lastekapasitet, toppfart, sittekomfort, tryggleik, drivstofforbruk.....
Eg trur det var i 1984 at eg gjorde min fyrste kabeltest. Det var for bladet Puls HiFi (eit spinoffblad av musikkavisa Puls som kanskje nokon hugsar). Eg prøvde ut ti meter lange høgtalarkablar, og høyrde tydelege skilnadar. I ettertid har eg forstått at eg ikkje var nøyaktig nok med å passe på at testvilkåra var like for alle kablane. Høgre kanal trengde 10 meter mellom effektforsterkar og høgtalar, medan venstre kunne vere 7-8 meter kortare. Det overskytande vart då dels liggande i ein kveil, strekt ut eller ordna på annan måte. Dette kan vere ei forklaring på registrerte skilnadar. Eg finn ikkje att bladet der eg skreiv denne "testen", men eg er litt skjemd over han i dag......
Sidan den gong har eg gjort iallfall tre samanlikningar og utprøvingar av ymse kablar som har vorte publisert. (sjekk gjerne
Audiophile.no), og eg har tykt det har vore vanskeleg. Mest av alt fordi eg ikkje har fått gjort vilkåra totalt like for dei ulike kabelalternativa. Dei har ikkje alltid vore like lange. Dei har hatt ulike termineringar. Dei har ikkje alltid kunne plasserast likt. Dei har ikkje hatt den "innbrenningstida" som nokre prosusentar har insistert på skulle gjerast. Dei har ikkje vore tilslutta anlegget like lenge.
I tillegg er det ikkje vanskeleg å erfare at skilnadane mellom kablar er svært små. Eg har svært vanskeleg for å ta alvorleg folk som meiner at ein kan få djupare bass, betre dynamikk og meir trøkk ved å skifte til ein annan kabel. Men eg skal vere med på at det kan vere registrerbare skilnadar, om du er kjenslevar nok. Men å seie at ein kabel er betre enn ein annan, skal ein vere forstiktig med. For med så små skilnadar er det usikkert om kablane oppfører seg likt i ulike oppsett. Det er også slik at nokre anlegg ikkje bryr seg om kabel i det heile tatt. Anlegg som ikkje pinpointar, bryr seg lite om kablar., er mi erfaring. Hifi har mykje med skilnadar å gjere, og eg vil skilje mellom milli-skilnadar, centi-, desi- og hekto-skilnadar. Allegorisk tilknytta metermål.
Skiftar du høgtalarar, vil gjerne skilnadane vere svært lette å få "auge" på. Likevel kan det innimellom vere ei utfordring å velje kva som er "best". tTorleik, pris, utsjånad er indirekte parametrar som ein audiofil kanskje ikkje bryr seg om like mykje som det lydlege, men dei må likevel takast omsyn til. Såleis vel folk ulikt.
I den andre enden av skilnads-skalaen finn vi skilnadar vi ikkje greier å detektere fleire gonger etter kvarandre. Og kan ikkje skilnaden registerast eintydig, er han så liten at han er lite verd å ta omsyn til. Slikt kan ein avgjere ved ABX-testing. Du samanliknar A og B-alternativa. Så gjer du ein blindtest der du ikkje veit kva alternativ som er i bruk. Tek du feil like mange gongar som du har rett, er skilnaden ingenting å bry seg med, og du kan trygt kjøpe billegaste alternativet.
Litt verre er det når du får så mange rette at det er plausible skilnadar. Då må du framleis velje, men sjølv om du kjenner skilnaden, kva vil vere det beste alternativet?
Endå verre er det når du kjenner at det eine alternativet passar betre enn det andre, men at det beste er relativt dyrt. Då må du bestemme deg for om det er verd pengane.
Eg har mange kablar i anlegget. Synergistic høgtalarkablar. Signalkablane er mykje Viablue, men også Van den Hul, Monste, Stig Arne Skilbrei sine skyteleidningar, sølvkablar laga av ein trønder.... Innimellom skiftar eg mellom dei. Men ABX-testing får eg ikkje til...