Audiophile-Arve
Æresmedlem
Eg har innimellom hatt bruk for ulike former for hjelp med anlegget mitt. Og eg skal heller ikkje legge skjul på at nokre hifi-forhandlarar er betre enn andre med service. Så eg har tankar om å utfordre forbrukarane til å skrive litt om positive opplevingar dei har hatt. Og eg utfordrar like godt bransjefolka til å skrive litt om ting dei gjer som går ut over vanleg kjøpslov.
For eigen del kunne eg sagt mykje, spesielt om kompetanse som velvilleg vert brukt for kundane, noko eg har hatt bruk for i mange samanhengar, og det er vanskeleg å nemne alle. Men eg må seie at dei forhandlarane som let deg prøve utstyr heime gjev eit fundamentalt viktig tilbod. Dei som gjev pengane attende utan spørsmål etter 30 dagar, til dømes. Så må det nemnast dei som ordnar "lånebil" medan du har ting til reparasjon. Og dei som lånar ut pickupar - dette er slitedeler som mister verdi i kraft av redusert speletid. Eg er også begeistra for dei "omreisande" butikkane, som gjev demonstrasjonar andre stadar enn i sine eigne lokale. Dei gjer viktig rekrutteringsarbeid.
Kva er erfaringane de har som forbrukarar, og kva tilbod gjev dei ulike butikkane?