Det går ei country- og westernbylgje over vossebygda. Han Lars, styreformann i Voss Jazzklubb, har skipa til ein countryfestival, etter 20 år på tenkestadiet. Godt jobba, Lars.
Fyrste gongen, i fjor, hadde festivalen det noko elitistiske namnet “Den intellektuelle countryfestivalen”. Festivalen var ein suksess, men det var ikkje namnet. Mange kjende seg støytte, og den utvida skipingskomiteen i VJK (Voss Jazzklubb) og Den Intellektuelle countryfestivalen DIC (utan K) kjende seg pressa til å gje festivalen eit nytt namn. Valet fall på “Den forvitnelege countryfestivalen”, om mogeleg endå vanskelegare å forstå, for alle utanom norsklærarar. (Forvitneleg tyder forviten, på dansk nysgjerrig). Det vart i tillegg føreslått å gje festivalen nytt namn for kvart år, for å få nytta alle dei gode forslaga som kom opp i prosessen. Ein genial ide, som me trur vil skapa blest om festivalen, og dei originale og artige namna -tykkjer me i alle fall - vil vonaleg gjera festivalen til ein snakkis kvart einaste år. Kva andre festivalar har nytt namn kvart år? Om namnet til neste år kan eg berre avsløra at det sikkert vert endå eit oppslag i nynorskordboka.
Sjølv har eg hatt blanda kjensler andsynes country. Då eg gjekk på skulen, var ikkje USA lenger det forjetta landet. Marshall-hjelpa var gløymd, og me gjekk i demonstrasjonstog mot krigen i Vietnam. Generasjonen min, dei som var lagt inn på universitetet på 80-talet, såg ikkje lenger opp til Amerika. Amerikanarar var ein gjeng smellfeite idiotar som køyrde på vegar utan fortau frå drive-in til drive-in. Kommersiell country høyrdest tilgjort ut og var full av klisjear, og vart latterleggjort. Svogeren min, 5 år eldre enn meg, høyrde på Buck Owens, eg høyrde på Jimi Hendrix. Verda var delt, då som no...
Les heile artikkelen i Audiophile.no
Sist redigert: