Audiophile-Arve
Æresmedlem
Eg reknar med at dei fleste som les dette har grå hår og penis.
Det får meg til å tenke: Skal tru om dette med "high fidelity" er noko rudimentært, noko som vil forsvinne når evolusjonen berre får styrt seg litt? Når dei sure, gamle menn har tagna?
- Produktutviklarane får utvikle produkt. Dei må beklagelegvis selje desse produkta for å tene pengar, og sjølv om det kan vere gode produkt, vert dei ikkje alltid populære. Elkassetten var ei stor forbetring frå diktafon-kassetten til Philips. Og dei trauste, gamle spolebandopptakarane er langt betre enn desse. Likevel forsvann spolebanda, og kassettspelarane overtok som opptaksmedium. Kvalitet?
Ingeniørarne greier no å lage forsterkarar med 0.005% vrenging. Men kvifor det? For å imponere dei som les tekniske data? Dei gjer det neppe fordi dei vil bli rike. Det vert dei ikkje, av ein eller annan grunn.
I dag har alle smarttelefon, og musikkstrøymetenestane vert i hovudsak formidla via slike. Sølvplater og nedlasting er økonomisk bagatellmessige medium samanlikna med Spotify.
Dei små øyreproppene det kjem lyd frå, har erstatta høgtalarane i stova. Sjølv om dei definitivt har dårlegare lyd enn store øyreklokker (og er meir skadelege for høyrselen).
Masseproduserte ting har ein tendens til å slå an. Dei er billege, og treff marknaden betre enn ting som fyrst og framst er gode. Fordi kvalitet er eit omgrep med ulikt, individuelt bestemt innhald.
Men det er mange måtar å gjere ting på.
Ein god pickup kan koste 20 - 30 kkr. Det er bra kilopris.
Då CD-spelarane kom rundt 1980, kosta dei 6 - 7 tusenlappar.
Då Bluray-spelarane kom, var prisen nedimot 2tusenlappar Var det nokon som hadde lært eitkvart?
- Marknadsføring er også ein spennande del av dette.
- Kvifor har "dundreboksane" slått så an? Alle har ein dundreboks, til og med eg (ein Klipsch kjøpt på Coop her i bygda!!) Desse har knabba omgrepet "Høgtalar" frå dei som har stereo eller mulitkanal, "høgtalar", som dei seier på Power og Elkjøp, og stettar behovet for det som tidlegare var reiseradioar. Samstundes jobbast det intenst med å utvikle lydplankar med kvasi-multikanallyd. Dette er relativt billege greier, og den som har høyrt skikkelege multikanalsoppsett vert lite imponerte. Og det har ikkje publikum gjort, slik at dei let seg imponere over denne stakarsdomen.
- Endå har eg ikkje gått inn på musikken notildags. Med fare for at eg får ein heil generasjon sure, vil eg hevde at det har skjedd ei enorm utflating av musikken. Unge Tix er ein sympatisk fyr, men musikken som no vert sendt til MGP er nok gjennomtenkt og utstudert, men ærleg talt - dette er pjattete naudrim og klisjeaktige klangstrukturar. Sceneshowet imponerte 4.klassingane, og er visuelt valdsamt (sjølv om assosiasjonane mine går i retning ein mellomting av eit kråketing og ein stormåse som flaksar etter båten ein dag eg har hatt fiskelukke)
Det er kanskje grunn til ein viss uro? Kva trur de?
- Er det dette som er å verte godt vaksen?